Må avlysa opningsstemnet
Dei omfattande teleskadane i tartandekket gjer det umogleg for Os Turn å arrangera opningsstemne siste helga i april.
Denne veka var det klart at det friidrettsanlegget til Os Turn ikkje har stått seg gjennom vinteren. Spesielt er problemet synleg på tartandekket på løpebanen.
- Me såg det tidlegare i vinter, men trudde det berre var forbigåande. No er det store humpar fleire plassar, seier leiar i friidrettsgruppa, Sverre Mowinkcel-Nilsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter planen skulle Os Turn ha markert sesongopning med å arrangera Os-lekene helga 30. til 1. april. Dette vert no avlyst.
- Me ser at det ikkje går an å arrangera konkurranse på dette anlegget. Os kommune har brukt mange millionar kroner på dette anlegget. Då er det utruleg trist å konstatera at det ikkje toler den første vinteren, seier Mowinkcel-Nilsen.
Dårleg grunnarbeid
Friidrettsleiaren vil ikkje uttala seg bombastisk om årsaka til skadane i tartandekket, men meiner det er openlyst at grunnarbeidet ikkje har vore godt nok.
- Slike anlegg skal vera bygd for å tola vinter og tele. Det har ikkje dette anlegget gjort. Då må det vera grunnarbeidet som ikkje er godt nok, seier han.
- Kven som må ta rekninga får bli ei sak mellom Os kommune og entreprenøren. Me får berre håpa at det vert ordna opp i så raskt som mogleg, legg friidrettstrenaren til.
Han ser dessverre at mykje av friidrettssesongen vert øydelagt uansett.
- Slik det er no vert det dårlege tilhøve å trena på. Dersom dei tek tak i det og går for å utbetra skaden med ein gong, vert anlegget stengd. Uansett er det veldig trist for oss som såg fram til ein spennande sesong på det me trudde var eit velfungerande anlegg, seier Mowinkcel-Nilsen.
Satsingsklubb
Midt oppi det heile er friidrettsgruppa til Os Turn vald til satsingsklubb for inneverande sesong. Representantar frå NFF kjem på vitjing på Kuventræ torsdag 7. april.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var jo utgjort at dei skulle koma no når anlegget ser ut som det gjer, men me er sjølvsagt glade for å vera satsingsklubb, og me ser fram til å få hjelp til å betra organisasjonsarbeidet i klubben, Mowinkcel-Nilsen.
Er på saka
Frå kommunalt hald vert det no gjort tiltak for å utbetra skaden på friidrettsanlegget. Prosjektsjef for idrettsparken på Kuventræ, Tor Inge Døsen, er på saka, men kan ikkje lova at det vert arrangert konkurransar på anlegget på denne sida av sommaren.
- No har eg kalla entreprenøren inn for etterbefaring, så får me sjå kva avtale me kan få til. Me er heilt klart av den oppfatnting av at entreprenøren må ta skadeopprettinga på sine skuldrer, seier Døsen.
Han peikar på at det i utgangspunktet er to større dumpar som må utbetrast.
- Det er ein ved starten av 100-meteren, og ein ved slutten av 100-meteren. Dette trur eg kjem som ein konsekvens av at grøftene under er for dårlege. Det må rettast opp, konstaterer Døsen.
Han har eit håp om at anlegget vil vera fiksa til haustsesongen.
- Det å utbetra ein skade som dette vil nok ta litt tid, spesielt ettersom fleire av spesialistane som må gjera arbeidet vert leigd inn frå utlandet. Unaset må me gjera kva me kan for å påskunda prosessen, seier han.