Mikal Leigland, Margunn Y. Samnøy, Nordbø og Haldor Tuft. Alle frå Senterpartiet.
Mikal Leigland, Margunn Y. Samnøy, Nordbø og Haldor Tuft. Alle frå Senterpartiet.

Segla sin eigen sjø i skulesaka

I skulesaka kjem lojaliteten til eige parti i andre rekkje. Det opplevde Sp og Frp i det siste kommunestyremøtet i Fusa før ferien.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er på kant med mitt eige parti, men det synest eg er heilt uproblematisk i og med at 0-alternativet også er del av framlegget. Hadde det ikkje vore det, hadde eg stemt i mot, påpeika Sp-politikar Øyvind Nordbø.

I kommunestyremøtet torsdag prøvde Senterpartiet og Høgre seg nok ein gong på å få skulesaka avvist. Som i formannskapsmøtet tidlegare i månaden, viste partia til det nyleg avslutta arealplanarbeidet, og at ei endring i skulestrukturen ville strida mot det ein har kome fram til der både når det gjeld vekst og utvikling.

SV på si side ville høyra kva folket har å seia, og la i lag med Ap, KrF, V og deler av Frp, fram eit forslag om å leggja Agenda Kaupang sine alternativ til strukturendringar ut på høyring, i tillegg til 0-alternativet.

Arild Ernst Legland og Gunnar Hansen var ikkje samde med resten av Frp-leiren. Duoen stemte for å leggja vekk skulesaka.
Arild Ernst Legland og Gunnar Hansen var ikkje samde med resten av Frp-leiren. Duoen stemte for å leggja vekk skulesaka.

- Sjølv med knappe ressursar i skular og barnehagar, opplever vi gode resultat. Det skuldast i hovudsak fantastiske lærarar og eit personale som strekkjer seg langt utover det vi kan venta, sa Nordbø og la til:

- Eg vil heller ikkje leggja ned skular, men eg ønskjer at vi legg dei ulike alternativa ut på høyring. Medan Margunn (Samnøy) fortel at ho får telefonar frå foreldre som spør om vi verkeleg skal ta saka opp på ny, får eg bekymringsmeldingar frå folk innad i skuleverket som er totalt utbrente og som har store problem med å koma seg tilbake i arbeid. Sånn kan ikkje vi som arbeidsgjevarar behandla personalet vårt.

Treng allmenn aksept

Anne Martinsen (KrF) peila debatten inn i det same sporet som Nordbø.

- Vi er alle samde om at det er eit ubetinga gode å ha skular der folk ønskjer å bu. Problemet vårt som politikarar er å nå ut til folk med den kunnskapen vi har om økonomi. Dei kommunale skulane er sultefora. Tilsette i skuleverket ringjer og græt sine modige tårer. Dei orkar ikkje å arbeida på denne måten meir, sa Martinsen.

KrF-politikaren meiner at skulesaka er ei vanskeleg sak, og at politikarane har vikla seg inn i ein debatt som er bort i mot umogeleg å løysa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Poenget er at kommunens økonomi ikkje er berekraftig, og det er vi nøydde til å ta innover oss. Av den grunn må vi arbeida for å få allmenn aksept for desse endringane. Vi kan ikkje gjera noko før vi har allmenn aksept, påpeika Martinsen.

- Eg byrjar snart å lura på om det er denne saka eg sit i kommunestyret for, sa Mikal Leigland (Sp) og heldt fram:

- Eg er stolt over dei små skulane våre. Det er skulane som er grunnlaget for at vi har busetjing i Fusa. Det er skulane som gjer Fusa til Fusa.

Leigland gav òg eit stikk i sida til Magne Djuvik (Frp), som i si tid starta ei tverrpolitisk bygdeliste som ein protest mot sentraliseringa av skulane i kommunen.

- No går den same representanten i bresjen for å leggja ned skular i nabobygdene, sa Leigland.

Margunn Y. Samnøy (Sp) trur ikkje det vil koma noko nytt ut av ei høyring. Ho er opprørt over tida og ressursane som vert brukt på saka.

- Pengane kunne vore brukt på å styrkja undervisingseininga i staden, påpeika ho.

Seks alternativ

Alternativa som fleirtalet til slutt vart samde om å leggja ut på høyring er:

Artikkelen held fram under annonsen.

. Tre barneskular. Fusa, Nore Fusa og Holdhus vert nedlagde. Elevane vert flytta til Eikelands­osen skule.

. To barneskular. Fusa, Nore Fusa, Holdhus og Strandvik vert nedlagde. Elevane vert flytta til Eikelandsosen skule.

. Éin barneskule. Alle dei kommunale skulane, utanom Eikelandsosen skule, vert nedlagde.

. Fire barneskular. Strandvik og Holdhus vert nedlagde. Elevane vert flytta til høvesvis Fusa og Eikelandsosen.

. Fire barneskular. Strandvik og Nore Fusa vert nedlagde. Elevane vert flytta til høvesvis Fusa og Eikelandsosen.

. 0-alternativet. Skulestrukturen vert uendra.

Framlegget fekk støtte frå Ap, KrF og V sine representantar, samt Øvind Nordbø, ordførar Hans S. Vindenes og halve Frp-leiren.

Frp-politikarane Gunnar Hansen og Arild Ernst Legland (vara) stemte mot høyringsforslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Slik situasjonen er i dag, støttar eg H og Sps framlegg. I ei tid med dårleg råd, bruker vi altfor mykje ressursar på ei sak som dette kommunestyret uansett ikkje skal slutthandsama, påpeika Hansen.