Sjølv føler ho seg betre i jegertrap, men sist helg var ho faktisk best i Noreg i skeet. Her er Vilde Hesvik Kartveit foreviga med NM-gullet. (Privat foto)
Sjølv føler ho seg betre i jegertrap, men sist helg var ho faktisk best i Noreg i skeet. Her er Vilde Hesvik Kartveit foreviga med NM-gullet. (Privat foto)

Tok NM-gull i skeet

Klassevenene visste knapt at ho dreiv med den slags sport. Sist helg vart Vilde Hesvik Kartveit noregsmeister i skeeting.

16-åringen frå Strandvik starta idrettskarrieren som skiskyttar, men med ein hagle-interressert far (Yngve Kartveit) var vegen til haglesporten kort. Etter kvart vart det meir hagle enn rifle og ski.

- Vilde er ikkje den som roper høgst om prestasjonane sine, men då ho vart noregsmeister, meinte eg ho fortente litt heider og gratulasjonar, seier mamma Anne Hesvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho la difor ut ei gratulasjonshelsing på Facebook. I timane etter strøyma gratulasjonane på.

Tøff sport

For dei som måtte lura er skeet ei øving innanfor leirdueskyting. Faktisk står denne varianten av leirdueskyting på OL-programmet.

NM i skeet gjekk av stabelen i Rakkestad i Austfold, og 16-åringen frå Strandvik skaut best og gjekk fullt fortent til topps i juniorklassen.

- Skytinga hennar held høgt nivå. Ho hevda seg også blant seniorane, fortel mamma Anne.

Vilde har trena hagleskyting i tre-fire år. Treninga gjer ho unna i Samnanger.

- Ho skyt for Samnanger JFL i lag med broren og faren hennar, fortel mor.

Broder Arne Johan Hesvik Kartveit var også i aksjon under NM i Rakkestad. Han er berre 14 år og blant dei yngste i juniorklassen. Likevel leverte han bra nok til å bli nummer sju.

- Både Vilde og Arne Johan skyt også jegertrap. Dei er blitt veldig glade i hagleskyting, og kjem nok til å halda fram med det i mange år framover, seier mamma Anne.