Denne veka fekk Solsiden-eigar Tor André Sagstad ein ny støymåling i hende. Den viste at lydnivået frå uteplassen var innafor krava.
Denne veka fekk Solsiden-eigar Tor André Sagstad ein ny støymåling i hende. Den viste at lydnivået frå uteplassen var innafor krava.

Nøgd med å bli høyrt

- Glad vert eg ikkje, men eg er nøgd med at me vert høyrt og at stengetida vert vurdert på ny, seier Solsiden-eigar Tor André Sagstad etter vendinga i støysaka fredag.

Os & Fusaposten har heile vegen hatt ein tett dialog med Solsiden-eigaren. I etterkant av at kommuneoverlegen den 1. september gav si støtte til bebuarane som klaga over støyen frå uteplassen, ba Sagstad om å få avstå frå å kommentera.

Fredag kom det fram at rådmannen i Os overprøver kommuneoverlegens avgjerd, og at saka skal vurderast på ny.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var to grunnar til at eg ikkje ville kommentera saka sist. For det første ønskte eg å avventa dei nye støymålingane. Dei har eg no fått i hende. Det andre er at eg vil ikkje oppfattast som ein som tyr til media for merksemd for eiga sak. Eg er slik skrudd saman at eg held meg til dokumentasjon og fagkunnskap. Det er mest ryddig, seier Sagstad.

Innafor krava

Ei ny støymåling frå utestaden Solsiden gjort av Sweco 27. august, kom Sagstad i hende no på måndag. I korte trekk viste den at støynivået frå utestaden var innanfor krava.

- Sjølv om dette var ein spesiell kveld med dragebåtfestival og mykje folk viser målinga at lydnivået frå Solsiden ikkje var for høgt. På terrassen til dei som klaga var det rett nok målt lydnivå noko over kravet eit par gonger, men så var desse prøvene tekne frå klokka 24.00 til 04.00 om natta, og då er det vel ikkje så mange som har behov for å sitja på terrassen, seier Sagstad.

Vanskelege arbeidstilhøve

Utestad-eigaren er ikkje over seg av begeistring for at saka skal vurderast på nytt, men er glad for at kommunen no tek grep i saka.

- Me får det heile vurdert på nytt. Det er sjølvsagt betre enn å måtte stengja av, men det har vore ei tung tid dette her. Saka har meir eller mindre pågått i eitt år. Det er klart slik vert ei belasting både for underteikna og dei tilsette. Så det blir ikkje all verda morosamt med ein ny runde, men eg stolar på at dei fagfolka som vert henta inn til å vurdera dette på ny, gjer ein god og grundig jobb, og at avgjerda vert rettvis, avsluttar Sagstad.