Kartet syner den føreslåtte tenestestads- og tenesteeiningsstruktur i Vest politidistrikt. Politikarane meinte løysinga for Os og Fusa ikkje var god nok.
Kartet syner den føreslåtte tenestestads- og tenesteeiningsstruktur i Vest politidistrikt. Politikarane meinte løysinga for Os og Fusa ikkje var god nok.

Politireforma: Kunstig å splitta Os og Fusa

Politikarane meinte at det ville bli veldig rart å dela nye Bjørnefjorden kommune mellom to ulike tenesteeiningar.

Politireforma er ute på høyring. Politiet skal ta i bruk moderne metodar, og bli meir synlege ute. Ved bruk av informasjonsteknologi skal fleire patruljar driva etterforsking på staden, og bli mindre avhengige av eit fysisk kontor. Publikum får i større grad tilbod om å bruka internett til ein del tenester.

Slutt for Samnanger, Fusa og Os består

Reforma medfører også ei endring av den geografiske inndelinga i politiet. I Vest politidistrikt kan Samnanger lensmannskontor bli nedlagt, medan Fusa og Os blir vidareførte. Det skal rett nok ikkje heita lensmannskontor meir, men tenestestad. Det kjem også eit nytt nivå over tenestestaden, nemleg tenesteeininga, som kan bestå av fleire tenestestader. Medan enklare arbeid (tenester til publikum) kan utførast ved tenestestaden, skal større oppgåver som etterforsking, utførast i tenesteeininga. Det er på dette nivået Os og Fusa ifølgje framlegget skal splittast opp, med den konsekvens at Bjørnefjorden kommune vil få to tenesteeiningar å forholda seg til i same kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søviknes: - Veldig rart

Os vert føreslått saman med Austevoll som ei tenesteeining, medan Fusa blir plassert i lag med Tysnes, Samnanger og Kvam som ei tenesteeining. Då formannskapet diskuterte saka onsdag, føreslo Frp å seia nei til oppsplittinga av den nye kommunen.

- Det blir veldig rart at dei to tenestestadene i Os og Fusa skal rapportera til kvar si tenesteeining. Me er jo svært opptekne av samarbeid mellom kommune og politi, og har eit formelt politiråd med jamlege møte, sa Terje Søviknes.

Helge Steinum (Ap) var einig, men undra seg om Tysnes ville bli ein hengande litt for seg sjølv.

Politikarane diskuterte politireforma på formannskapsmøtet på Scandic Hotel onsdag.
Politikarane diskuterte politireforma på formannskapsmøtet på Scandic Hotel onsdag.

- Også i lys av at Tysnes på eit tidspunkt kanskje blir ein del av Bjørnefjorden kommune, sa Steinum, og føreslo dermed at Tysnes blir teken inn i same tenesteeining.

Blålyssenter på Moberg

Politikarane nytta også høvet til å gjenta forslag om å etablera eit felles blålyssenter på Boberg.

- Per mars 2017 vil senteret bestå av interkommunal legevakt, legesenter, ambulansestasjon og Os brann- og redningsteneste, og kommunen har tatt høgd for at politiet kan lokaliserast til nabotomta, heiter det i vedtaket frå formannskapet.

- Os formannskap syner difor også i denne saka til tidlegare tilbod oversendt Politimeisteren om framtidig lokalisering av politiet i beredskapssenteret på Moberg.

Hovudsete på Osøyro

Følgjande prinsipp vart også samrøystes vedtekne:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Osøyro vert definert som framtidig tenestestad for politiet

* Alle tenestestadane i den nye samanslåtte kommunen Os/Fusa må tilhøyra same tenesteeining, og det er da naturleg at også Tysnes inngår i denne tenesteeininga

* Hovudsete for ei tenesteeining og evt. ei geografisk driftseining sør for Bergen, bør leggjast til regionsenteret Osøyro