Her blir det snart venstresving-forbod
I mai vert nordgåande felt av E39 stengt frå Liafjellstunnellen til Svegatjørn, noko som medfører stor trafikkauke gjennom sentrum. Kommunen kjem med tiltak for å betre trafikkflyten.
- Alt i dag har bussane eit problem når dei skal til høgre i krysset ved Lundehjørnet, då dei vert hindra av bilar som skal til venstre, men ikkje kjem seg ut. Det er venta stor auke i trafikk frå mai til august når delar av E39 vert stengt. Hovudgrepet frå kommunens side for å syta for betre trafikkflyt, er venstresving-forbod for trafikk som kjem frå sentrum og ut i det nemnte krysset, seier teknisk sjef Marianne Kramer og legg til:
- Bilar som kjem frå sentrum kan heller køyra ut i rundkøyringa ved rådhuset. Det er viktig at ikkje trafikken stoppar heilt opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Somarstenging mest funksjonelt
Kari Bremnes, prosjektleiar i Statens Vegvesen, nordgåande felt blir stengt frå starten av mai til ut i august.
- Vi skal byggja ny vatn- og avløpsgrøft parallelt med E39. Det blir ei djup grop med store røyr. For at entreprenøren skal kunna utføra arbeidet på ein sikker og forsvarleg måte, må vi stenga eit felt. Det er gjort ulike vurderingar, og vi har funne ut at det er mest funksjonelt å stenga nordgåande løp, seier ho.
Entreprenøren har fire månader på seg til å utføra arbeidet. Tidsrommet for arbeidet, mai til august, blei vurdert som mest funksjonelt.
- Skulane er stengt i to av desse månadene. Skulle arbeidet verta gjort vinterstid, ville vi fått utfordringar knytt til vinterdrift og brøyting.
- Vi får kryssa fingrane
Kramer er spent på korleis trafikken kjem til å flyta gjennom sentrum i dette tidsrommet.
- Det er ingen veg utanom. Eg reknar med mai-månad vert litt utfordrande, men i juni og juli er i alle fall skulane stengt, så det er mindre lokal trafikk i sentrum. Det er vanskeleg å spå på førehand korleis dette kjem til å gå, vi får berre kryssa fingrane. Det blir òg spanande å sjå korleis det vil gå om ferjekøane treffer på kvarandre, seier ho.
Statens Vegvesen har ikkje gjennomført trafikkanalyser knytt til ferjene.
- Det vi har vurdert er kapasiteten på rundkøyringa i sentrum og ved Meny, og sett på korleis trafikken skal gå mest smidig, seier Bremnes og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Trafikken vil auka merkbart, men det er naudsynt å stenga vegen.