2016 vart eit godt økonomisk år for Os kommune. (Illustrasjonsfoto)
2016 vart eit godt økonomisk år for Os kommune. (Illustrasjonsfoto)

Knalltal for Os

Os kommune fekk eit overskot på 52,4 millionar i 2015. - Eit veldig bra resultat, seier ordførar Terje Søviknes.

Med eit overskot på 52.4 millionar kroner og eit driftsresultat på 5,55 prosent, vart 2015 nok eit knallår for Os kommune.

Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas kunne presentera eit driftsresultat for formannskapet som, i fylgje ordførar Terje Søviknes, er om lag tre gonger så høgt som det nasjonale snittet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overskotet kjem frå fleire stader. Meir enn 12 millionar kroner er avkastning frå kommunens finansportefølje. Resten kjem frå pensjonspremiar, lågare lønsvekst og meir skatt enn venta.

- Det er finans og pensjon som utgjer dei store overskota. Når det gjeld tenesteproduksjon, så går den omtreng i balanse, sa Kaalaas.

Tala skal reviderast i løpet av mars.

- Det er mange kommunar med gode resultat, men få har så gode tal som Os. Dette er rett og slett eit veldig bra resultat, sa ein strålande nøgd ordførar Terje Søviknes. Han sa vidare at ein no lyt diskutera om ein skal betala gjeld eller setja av pengar som ein buffer til framtidige investeringar.

- Det vert det opp til kommunestyret å avgjera.

- Det ser ikkje ut som vi kan venta oss like gode tal på børsen for 2017. Men vi er blitt vane med at dette svingar litt, sa han.