Strandvik og Vinnes Vassverk og Skjørsand og Fusa Vassverk er tilknytt det same reinseanlegget. Sistnemnde fann ein stor lekkasje i går, og styremedlem John Erik Foer fortel at det nok finst fleire lekkasjar.

Fann ein lekkasje - søkjer vidare etter fleire

Skåtavatnet minka drastisk i helga, noko som førte til dårleg vasstrykk i heimen til mange fusingar. Ein lekkasje blei funnen, men vassverka skal søkja vidare etter fleire lekkasjar.

Både Strandvik Vinnes Vassverk og Skjørsand Fusa Vassverk opplyste om problemet på Facebook i helga.

- Strandvik og Vinnes Vassverk har planar om å søkja vidare natt til laurdag. Då stengjer me av vatnet felt for felt. Eg reknar ikkje med at vatnet blir borte så lenge, seier leiar i vassverket, Atle Anda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er nok fleire lekkasjar

Strandvik og Vinnes Vassverk og Skjørsand og Fusa Vassverk er tilknytt det same reinseanlegget. Sistnemnde fann ein stor lekkasje i går, og styremedlem John Erik Foer fortel at det nok finst fleire lekkasjar.

- Denne lekkasjen bidrog til at me ikkje fekk fylt bassenget i Skåtavatnet. Sjølv om denne lekkasjen er fiksa, tek det nok litt tid før det blir stabilisert. Me følgjer med. Det er nok litt for stor avgang av vatn. Det vil seia at det nok er fleire lekkasjar som ikkje er oppdaga, seier han og legg til:

- Me er avhengige av å bli tipsa. Ein får problem når det renn for mykje vatn utanom. Både me og Strandvik Vinnes Vassverk er takksame for tips om nokon har sett noko.

12.000 liter i timen

Lekkasjen som blei fiksa i går, var i tilknyting til ei hytte.

- Lekkasjen var i blindkjellaren. Det ser ut til at det heldigvis ikkje har gjort noko skade på hytta, men at vatnet har rent under. Eigarane kan vera glade for det, for det rann ut 12.000 liter i timen. Hytta kunne vore fylt med vatn, seier Foer.

Lite vatn

Fusa kommune oppmodar på si heimeside at folk i Fusa er forsiktige med vassbruken.

- Det er lite vatn i magasina til Eikelandsosen og Holdhus vassverk på grunn av den langvarige kulden og lite nedbør. Abonnentane vert difor oppmoda om å vera forsiktige med vassbruken dei næraste dagane.