Skal gruseknusa Askøy og Fjell
Utfordringa er gjeven. Når Os kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er målet klart: Gruseknusa Askøy og Fjell. Det vil kommunen gjera med di hjelp.
Mange kjenner til aksjonen Sykle til jobben, som Norges Bedriftsidrettsforbund har arrangert sidan 1973. Formålet er likt tittelen, å få fleire til å sykla til jobben.
Torsdag 9. februar har kommunen kick-off.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då kjem vi til å stå på Osøyro og ved Os Amfi for å hanka inn deltakarar. Påmeldinga er no open på sykletiljobben.no, og held seg open fram til aksjonen startar 19. april, seier arealplanleggjar og primus sykkelmotor i Os kommune, Arne-Richard Stadaas, og held fram:
- Eg har vore stor i munnen og sagt til både Askøy og Fjell kommune at vi skal gruseknusa dei i kilometer sykla, så her er det berre å hiva seg på.
Sykle til jobben varer 60 dagar frå etter påske og til sommarferien. Det er eit mål å koma i betre form, men Sykle til jobben er også eit sosialt tiltak for dei tilsette.
Deltakarane loggfører aktiviteten sin i appar, eller på Sykle til jobben si nettside. Meir aktivitet gir fleire poeng, som gjer sannsynet høgare for å vinne premiar i tilfeldig trekning.
- For å få med flest mogleg i aksjonen, går det ikkje an å få meir enn tre poeng per dag. Du treng altså ikkje vere treningsfrik for å hevda deg, konstaterer Stadaas.
Ønsker fleire gulrøter
I formannskapssaka for Sykle til jobben trekk administrasjonen også fram færre bilar i nærområda som eit positivt utslag av aksjonen. Der anslår dei at mellom 250 og 500 osingar tar til sykkelen.
Kommunen betaler 43.000 kroner i deltakaravgift for opptil kvar siste osing. Tysdag løyvde formannskapet 60.000 kroner til aksjonen frå formannskapet sitt dispensasjonsfond. Dette dekkjer deltakaravgifta pluss lokale premiar som kjem i tillegg til dei Sykle til jobben loddar ut.
- Kommunen oppmodar lokale bedrifter om å bidra i potten, slik at premiane blir gjævare og oppslutninga større. Eg kjem til å henga over dei og tar ikkje eit nei for eit nei med det første, smiler Arne-Richard Stadaas.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at aksjonen inngår i eit langsiktig arbeid for betra folkehelse og miljø og skapa ein meir attraktiv kommune å bu i.