- Opnar tallause dører
Tredjeklassingane Amal Ouhadou, Therese Hjellvoll og Enrique Wiberg meiner Os gymnas er eit naturleg val om ein ønskjer eit vidt spekter av moglegheiter for høgare utdanning.
Dei tre opplever at tida ved gymnaset har budd dei godt på vegen vidare.
- Vi har mykje sjølvstendig arbeid her, slik det er om ein studerer vidare. Så eg opplever at vi har fått eit godt grunnlag for vidare utdanning, seier Amal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fann framtidsdraumen
Enrique var ikkje sikker på kva han ville gjera etter vidaregåande, men det løyste seg med hjelp av skulens rådgjevar, Terje Bøthun.
Så no har han vegen vidare staka klart ut:
- Eg vil ta sosialantropologi i Bergen, med eitt år pedagogikk.
Får han det som han vil endar han som lektor, og kan til og med koma attende til skulen som lærar ein dag.
- Terje er dyktig til å hjelpa oss vidare. Det er godt å vera kvitt usikkerheita, synest han.
Slepp lang reise
Alle tre valde Os gymnas fordi skulen er nærast heimen, samtidig som den tilbyr dei faga dei ønskte å ta. I tillegg var det der dei hadde venene sine.
- Ein får same spesialisering her som andre plassar, og eg slepp reisa til Bergen, seier Amal.
- Ja, absolutt!, er hennar svar på spørsmål om skulen har levd opp til forventningane ho hadde på førehand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit hav av moglegheiter
Medan Enrique har teke samfunnsfag, satsa Therese og Amal på realfag. Dei to er framleis usikre på kva dei skal velja vidare.
- Eg trur det blir noko innan biokjemi, seier Therese.
Amal legg vekt på at ho har eit hav av moglegheiter, det gjeld berre å ta eit val.
- Når du har realfag, kan du søkja på alt, seier ho.
Godt skulemiljø
Dei tre kom alle frå Os ungdomsskule og kjende mange av elevane då dei starta.
- Eg har dei fleste venene mine her, seier Enrique.
Oppfatninga til dei tre er at også dei som kjem frå andre plassar, som Tysnes, Fusa eller Bergen, lett får innpass.
- Alle blir kjent med kvarandre, uansett kvar dei kjem frå. Eg kan gå bort og snakka med kven som helst, seier Enrique.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei gir miljøet ved skulen tommel opp og omtalar det som svært godt.
- Mange osingar som vel å byrja på skular i Bergen kjem tilbake hit etter kvart, fortel Amal.
Grei overgang
Overgangen frå ungdomsskulen var grei sosialt, men tøffare fagleg.
- Her har vi meir arbeid, noko som krev betydeleg meir innsatsvilje av den enkelte, men elles var ikkje overgangen særleg stor, seier Amal.
- Ja, det var i grunn større endring frå første til andre året på grunn av alle dei valfrie programfaga, skyt Therese inn.
- Uansett kva skule du vel er det du sjølv som må gjera jobben, og gjer du det, står alle moglegheiter opne til den spesialiseringa du måtte ønskja vidare, meiner Amal.
Breiddeidrett nytt fag
Første året ved Os gymnas er alle fag felles. Men frå andre året kan ein velja programfag innan områda «Realfag» og «Språk, samfunnsfag og økonomi».
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare har skulen hatt tilbod om faget toppidrett også.
Nytt for skuleåret 2016/2017 er at dette blir endra til breiddeidrett.
Rådgjevar ved skulen, Terje Bøthun, trur faget då blir meir allsidig og tiltrekkande for fleire elevar.
- Er ein glad i å trena og synest det er mykje teori, så er fem timar trening i veka på timeplanen eit godt alternativ, meiner han.
Faget gir eigen karakter og gir i kombinasjon med andre programfag full studiekompetanse.
Hjelper med val
Når det gjeld val av programfag, får elevane hjelp om det trengs.
Enkelte studium krev bestemte kombinasjonar, det gjeld mellom anna medisinstudiet.
- Elevane får presentert alle faga og vel ut frå evner, interesser og ønske for vidare studium, fortel Bøthun.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rådgjevaren synest elevane på denne måten får stor fridom og påverknad på eigen skuledag.
Skulen tilbyr dei faga som trengst for å kunna søkja på så godt som alt av studium som blir tilbode i Noreg.
- Vi utdannar ikkje til eit bestemt yrke, men opnar mange dører. Det er berre karakterane som kan hindra eleven på vegen vidare, avsluttar rådgjevaren.
FAKTA:
Os gymnas ligg i Os kommune.
Skulen har om lag 270 elevar på studiespesialiserande utdanning, og kring 40 tilsette.
Skulen tilbyr språkfaga spansk, tysk og fransk.
Fordjupningsfaga er innan: Matematikk, fysikk, biolog, kjemi, rettslære, sosiologi og sosialantropologi, entreprenørskap, internasjonal engelsk, sosialkunnskap, politikk og menneskerettar, samfunnsfagleg engelsk og engelskspråkleg litteratur og kultur.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lokala er pussa opp i dei seinare åra.
Skulens motto er trivsel, vennskap, kunnskap.