Os og Fusa Høgre slår seg saman
Etter to korte møte mellom Os Høyre og Fusa Høgre tidlegare i haust har årsmøta i begge foreiningane samrøystes gått inn for å stifta Bjørnafjorden Høgre.
- Vi ser fram til å jobba med felles program fram mot kommunevalet i 2019, seier leiar i Os Høgre, Susanne Sperrevik, som legg til at dei gler seg til samanslåinga av partia og til å jobba i lag fram mot realiseringa av Bjørnafjorden kommune.
jostein@osogfusa.no