På vikingtokt til Kollavågen
På søndag var 30 små og store med på tokt med vikingskipet Haakon Haakonsson. Turen starta i Sandviken, like ved Fiskerimuseet, og ungane var meir enn klare for å vera vikingar for ein dag.
Då me hadde lasta opp skipet, og fått passasjerane om bord, var det berre å kasta loss. Me var ikkje komne langt, før ungane ville fiska. Då slakka me på farten, og dorga litt. Ein makrell måtte bøta med livet i møte med dei blodtørstige vikingungane.
Når me ankom Kollavågen, vart skipet lossa, og me fyrte i bålet. Ungane sprang bort i skogen og spikka seg grillspyd. Grilling var neste post på programmet. Når maten var fortært, var det på tide å "herja litt". Ungane sprang opp i skogholtet rett bak grillplassen, spikka, plukka tyttebær og testa fiskelukka frå brygga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men til sist var veden oppbrunnen og me byrja å tenkja på heimreisa. Me pakka sekkane, og fekk alt i båten. Så talte me opp, og fann ut at me var like mange som på utreisa. Då var det berre å segla heim igjen.
Me var ikkje meir enn nett komne i båten, før både store og små sette seg ned, døste, og enkelte lukka augo bitte-litt. Det tok likevel ikkje lange tida før ungane igjen var fulle i energi, og dei hadde tautrekking, fekta med tresverda og leika igjen.
Brått var me tilbake i Sandviken, og eventyret var slutt for denne gongen. Men snart er det nye eventyr med Kom Deg Ut Dagen søndag 4. september og hyttetur til Steindalsætra i slutten av same månad.
Kjetil Nygård
Barnas Turlag, Os