Konseptet er tilpassa born i alderen tre til åtte år, og borna vert oppmoda til å ta med seg sine eigne lydar til framsyninga.
Konseptet er tilpassa born i alderen tre til åtte år, og borna vert oppmoda til å ta med seg sine eigne lydar til framsyninga.

Inviterer til magisk lydframsyning

Laurdag kjem BIT20 Ensemble til Oseana med suksessframsyninga Lydgrotten.

- Me har med oss fire flotte formidlarar som treng hjelp til å laga ferdig musikkstykket sitt, og inviterer med seg borna til å hjelpa, fortel Trude Bruket i BIT20.

Konseptet er tilpassa born i alderen tre til åtte år, og borna vert oppmoda til å ta med seg sine eigne lydar til framsyninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Når ein tenkjer seg om er det mykje ein har heime som lagar lyd på ulikt vis. Desse "kvardagslydane" kan me setja saman til å passa inn i musikken i Lydgrotteb, fortel Bruket og held fram:

- Me tek borna sin nysgjerrigheit og utforsking på alvor, og inviterer dei til å delta i lag med våre proffe musikarar.

Det heile vert leia av Karina Opdal, som saman med Ole André Farstad har laga framsyninga.

Mellom dei proffe musikarane finn me fusing Eirik Gjerdevik på tuba.