Nytt gull til Os Skyttarlag
Os Skyttarlag held fram med gull-sankinga på Landsskyttaarstemnet. Fredag morgon tok Oddvar Eikemo gull i V73 i feltskyting.
- Dette gullet kom frå ingenstads, som Sofies gull i går, men det er heilt flott det, smiler Anstein Eidsvik i Os Skyttarlag og held fram:
- I tillegg er dette den verste klassen av dem alle. Gjengen han konkurrerte mot er superskyttarar heile gjengen. 12/12 i finalen er meget, meget bra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire finalar i dag
No skal gullvinnar frå i går, Sofie Evensen, i elden igjen. Ho skal skyta i feltfinalen i klassen-rekrutt.
I 16-tida i dag skal Anstein Eidsvik, Terje Os, Arvid Austestad og Oddvar Drange skyta i feltfinalen i V55.
- Det er ikkje alltid at alle stiller til start, særleg ikkje om dei ligg eit stykke bak leiaren. Så me får sjå om alle saman stiller til start, seier Eidsvik.