Ny lesar i Oseana
Forteljar Vibeke Koehler vert nye høgtlesar på dei populære lesestundene for born i Oseana.
Forteljar Vibeke Koehler blir ny opplesar på Oseana denne våren.
- Vibeke har lang erfaring innan formidling til born og unge, mellom anna er ho blant dei faste opplesarane på lesestundene til Litteraturhuset i Bergen, fortel arrangements- og marknadskoordinator i Oseana, Janne Mari Hjelle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Koehler driv i tillegg historieformidling om vikingkrigar, skriv og overset barne- og ungdomslitteratur og var historieforteljar under Folkets Festspillscene på DNS i 2015,
- Vi gler oss veldig til å få Vibeke med på laget, seier Hjelle.
Lågterskel
Lesestund med graut har vore svært populært sidan oppstarten i fjor. Kring 100 små og store plar besøka arrangementet, som er inspirert av eit konsept frå Litteraturhuset i Bergen.
- Tanken er at dette skal vere eit lågterskel drop-in-tilbod for barnefamiliar på tidleg laurdag ettermiddag der ein enkelt kan bestemma seg for å stikka innom, forklarer Hjelle.
Lesestund med graut er ein kafé både for vaksne og born. Borna kan aktivisera seg i form av teiknekrok, putehjørne eller ved å lytta til høgtlesing.
- Dei kan også bevega seg rundt i eit ganske stort område utan at foreldra treng frykta for at andre kundars kaffikoppar vert velta. Lydnivået treng heller ikkje vere like lågt som på ein vanleg kafe, lovar Hjelle.
Servering av risengrynsgraut og saft er inkludert i inngangsbilletten.
- Grauten fell i smak hos både vaksne og born. Dette er jo ein fin og lett middag medan ein ventar på laurdagstacoen, smiler Hjelle.