Egil Gjelland var med landslaget i Rupholding i vinter. Då hadde han alt bestemt seg for at dette blei hans siste vinter som landslagstrenar.
Egil Gjelland var med landslaget i Rupholding i vinter. Då hadde han alt bestemt seg for at dette blei hans siste vinter som landslagstrenar.

Ein epoke er over

Egil Gjelland har vore trenar for dei fremste skiskyttarane i Noreg i åtte år, no gjer han seg, og stengjer døra for landslaget for godt.

- Eg er nok ikkje aktuell på det nivået nokon gong igjen. Det er så mykje som krevst, så eg kan konstatera at ein epoke er over. Det er meir godt enn vemodig eigentleg, seier han.

Fokus på familien

No skal Egil Gjelland gjera ein endå viktigare jobb: Følgja opp familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ikkje ei vanskeleg avgjersle å gje seg. Eg har reist så mykje i åtte år, og brukt så mykje tid. Eg har ungar som er begynt å bli eldre, og det krev meir og meir. Då eg har vore så mykje vekke har det blitt tyngre og tyngre for ho som er åleine heime, seier Gjelland.

Bestemte seg før vinteren

Det er berre dagar sidan det blei gjort offentleg at Gjelland sluttar. Alt før vinteren tok til, hadde Gjelland bestemt seg for at dette kom til å bli hans siste vinter som trenar for herrelandslaget i skiskyting.

- Det var innlysande at det var nok no. Det var ikkje eit alternativ å halda fram. Eg var alt i tvil for to år sidan, om det var verdt å halda fram, seier Gjelland.

- Trur du at du kjem til å sakna jobben?

- Eg trur det var ei grei tid å gje seg på. Tida vil visa om eg saknar det, men eg får nok så mange andre ting å driva med, at eg gløymer det raskt

Vil følgja opp lokale skiskyttarar

Skiskyting har vore ein stor og sentral del av livet til Gjelland. Med ein lang karriere bak seg som utøvar og trenar, kjem han nok ikkje til å leggja vekk skiskyting for godt.

- Det er, og har vore ein stor del av livet mitt. Eg kjem nok til å engasjera meg i skiskyting.

- Er du aktuell som trenar for lokale skiskyttarar?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har vore totalt fråverande på det planet. Eg har ikkje ein gang fått følgt opp mine eigne, som er veldig interesserte i sporten. Berre det talar for seg sjølv, seier han og held fram:

- Det kjem nok til å gå litt tid no. Eg må få ting litt på avstand og slappa av litt etter ein tøff og krevjande vinter. Men eg er heilt klart open for å følgja opp dei lokale. Det blir på eit heilt anna nivå, og meir på fritidsbasis. Då er det så mykje enklare, avsluttar Gjelland.