Det er ikkje berre gullvinnar Sverre Lunde Pedersen som får skryt. Tore Kleppe er også imponert over nederlendarane som "alle" kom for å gratulera med gullet til Noreg.
Det er ikkje berre gullvinnar Sverre Lunde Pedersen som får skryt. Tore Kleppe er også imponert over nederlendarane som "alle" kom for å gratulera med gullet til Noreg.

Tore Kleppe om Sverre: – Han gjekk som ein konge. Det er så herleg!

Tore Kleppe er ein av mange osingar som følgde Sverre Lunde Pedersen liver i arenaen. Han har knapt nok vore med på makan.

– Vi sat der, ein gjeng på 20 osingar – omringa av nederlendarar. Det Sverre presterte, var så herleg. Gåsehuda stod. Vi heia fram Sverre. Han gjekk som ein konge. Røsten gjekk i eitt. Eg kjente det i heile skrotten, seier Kleppe på telefon frå Austerrike.

– Heilt legendarisk

Feiringa var godt i gang då Os & Fusaposten snakka med Kleppe. Det er nokre timar sidan Sverre Lunde Pedersen tok eit overlegent gull på 5.000 meter VM enkeltdistansar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt legendarisk. No har vi ein kjapp pust i pakken. Vi skal møtast om 20 minutt og ut å feira vidare. Dette er første gullet vi feirar, men ikkje det siste, seier Kleppe og ler.

Terje Søviknes meinte at dette ereit gull som alle unner Sverre Lunde Pedersen. Den erfaringa deler Kleppe.

– Hollendarane er utruleg sporty. Alle har gratulert oss. Det verka som om heile arenaen jubla for Sverre. Der skal vi vera i morgon, om dei skulle vera så heldige og få seg eit gull. Då skal vi oppføra oss på same måte. Dei oppførte seg eksepsjonelt bra, fortel Kleppe, før følgjet reiste vidare for å feira gullet til gullguten, Sverre Lunde Pedersen.