Diskvalifisert for andre dag på rad
Ariel vann 50 meter bryst-øvinga i dag tidleg, men for andre dag på rad vart ho diskvalifisert.
Då me snakka med Ariel i ADO Arena etter at ho var ferdig med 50 meter bryst, var ho ikkje supernøgd, sjølv om ho vann seks hundredelar framfor Ingalill Urrang Naustvik.
- Det var eit heilt greitt heat, men ikkje noko meir enn det, sa Ariel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prega av å ha nådd landslagskravet
I etterkant viser det seg at ho vart diskvalifisert.
- Ariel blei diskvalifisert då ho ikkje venda med begge hender, fortel Bjørn Arne Braathen.
Søftelendingen blei også diskvalifisert i finalen på 100-meteren i går.
- Eg var nok litt prega av at eg alt hadde nådd målet mitt om å ta landslagskravet, seier Ariel.
- Etter at ho klarte landslagskravet i går, sa ho til meg at ho var nøgd med helga. Ho er nok framleis litt prega av det som skjedde i går tidleg. Samstundes er det litt stang ut òg. Ein må hugsa på at ho er berre 16 år. Alt skal klaffa, og det perfekte løpet er ikkje enkelt å få til. Eg trur ho er motivert og klar for 200-meteren i morgon, seier Bjørn Arne.