Tek konsekvensen av dårleg valresultat
Magne Djuvik overtek rolla som lokallagsleiar i Fusa Frp. Roger Hoel stilte ikkje til gjenval.
Hoel har vore formann i partiet i to år. Då partiet inviterte til årsmøte sundag, informerte han valkomiteen om at han ikkje ønskte å stilla til gjenval.
- Avgjerda er heilt udramatisk. Det er naturleg at vi byter litt på rollane, slik at ein unngår forgubbing. Eg ønskte å la andre få mogelegheita, seier Hoel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dårleg valresultat
Frp-politikaren trekkjer fram det dårlege valresultatet som årsak til at han no ønskjer å gje stafettpinnen vidare.
- Frp fekk ikkje eit tilfredsstillande resultat i valet. Eg tek konsekvensen av det, og lét andre overta roret og føra skuta vidare, seier han.
Hoel er også ute av styret i Frp. Før kommunestyremøtet 12. november, veit han ikkje kva utval han eventuelt får ta del i dei fire neste åra.
- Eg har fire års erfaring frå utval for plan og miljø, og har vore veldig interessert i det, men det er valnemnda som fremjar forslaget til kandidatar, seier han og legg til:
- Eg håpar eg får arbeida med noko som omhandlar friluftsliv, byggjesaker og miljø. Det synest eg er kjekt.
Frp-politikaren seier òg at han ved å gje frå seg vervet som lokallagsleiar, får høve til å fordjupa seg meir i det politiske arbeidet i kommunestyret.
Hoel ut, Holmefjord inn
Det har ikkje lukkast «Os og Fusaposten» å koma i kontakt med nyvalt formann, Magne Djuvik.
Ny i styret, er ifølgje Facebook-sida til partiet, Arne Holmefjord.