Alle osingane gjekk vidare i Idol
Dei tre Idol-osingane er blant dei 60 som gjekk vidare til dag to av bootcampen og blir å sjå på TV også fredag.
Nytt av året i Idol er at det ikkje lenger er semifinalar. Det er i staden sett opp fire bootcamp-dagar. Det starta med 120 deltakarar i dag onsdag og halvparten gjekk vidare til neste bootcamp-dag. Martine Frotveit Johnsen (17), Christoffer Leikvoll Storvik (22) og Ada Keita Hansson (25) gjekk alle vidare.
Dei som gjekk vidare til dag to skal delast inn i trioar. Då skal talet deltakarar på ny halverast. Fredag kveld skal osingane i elden igjen og kjempa om å koma seg vidare til dag tre, som gjer at dei er eitt steg nærare å bli blant dei ti finalistane. Dei som tek seg vidare fredag, skal syngja med band framfor eit større publikum. Det blir å sjå på TV 2 onsdag neste veke.