Det er mange TV-kamera kring Hans Bjørn Bakketeig i desse dagar. Opptak til Norske Helter er unnagjort. I tillegg har Flimmer Film følgt Bakketeig i eitt år i Moldova. Dei skal følgja han også i 2016, før det i 2017 kjem ut ein dokumentar med osingen i hovudrolla.
Det er mange TV-kamera kring Hans Bjørn Bakketeig i desse dagar. Opptak til Norske Helter er unnagjort. I tillegg har Flimmer Film følgt Bakketeig i eitt år i Moldova. Dei skal følgja han også i 2016, før det i 2017 kjem ut ein dokumentar med osingen i hovudrolla.

Bakketeig heidra for sin innsats for andre menneske

Hans Bjørn Bakketeig er ein av ti prisvinnarar i årets Norske Helter. - Det er ei stor ære, seier osingen.

I fjor var første gang VG, Gjensidigestiftelsen og TVNorge heidra personer som gjer ein heltemodig innsats for andre menneske. I år er Bakketeig med sin innsats i Moldova, gjennom Hjelp Moldova, ein av dei som vert sett pris på.

- Det er ei stor ære. Det er hyggeleg å bli sett pris på og lagt merke til. Dette viser at me er ein organisasjon som folk kan ha tillit til, seier Bakketeig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forhåpentlegvis vil utmerkinga gjera at organisasjonen også får litt meir pengar på bok.

- Sjølv om me er støtta av Utanriksdepartementet, så treng me kapital. Ein kan eigentleg aldri få nok. Jo meir me får inn, jo meir kan me gjera for andre. Langtidsperspektivet vårt ser mykje betre ut med trygg kapital, seier Bakketeig.

Dokumentar om Bakketeigs arbeid

Opptakene til Norske Helter vart gjort søndag, og i kveld klokka 20.30 på TVNorge kan ein sjå resultatet. Bakketeig er van med å vera framfor TV-kamera i Moldova, der han har delteke i ulike program som morgon-tv og ettermiddag-tv. Flimmer Film held også på å laga ein dokumentar om osingen og arbeidet hans. Her kan du sjå traileren tilMirakelet i Moldova.

- Dei har følgt meg i eitt år, og skal følgja meg i 2016 også. Resultatet kjem i 2017, seier Bakketeig. Han er likevel litt spent på å sjå innslaget som kjem på TVNorge i kveld.

- Det blir spanande å sjå resultatet. Eg har berre settdet korte klippet som ein kan sjå på VG.no, seier Bakketeig.

Ord blir små

Ein må vera umenneskeleg for å ikkje bli rørt av det nesten fire minutt lange innslaget. I videoen ser me bornas reaksjon når dei ser skikkeleg for første gong.

- Korleis er det å få oppleva gleda til borna på nært hald?

- Det er så stort og så sterkt at det ikkje kan skildrast med ord. Det er blitt så mange av desse historiene etter kvart. Ein million kroner er ikkje betre enn å få oppleva berre éin av dei reaksjonane du ser eit glimt av i klippet på VG, seier Bakketeig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snakkar om sin eigen sjukdomshistorikk

Livet har ikkje alltid smilt til Bakketeig. Han hamna i rullestol som 12-åring grunna akutt svekkelse i armar og bein. Osingen vart diagnostisert med sjukdomen engelsk syke, og få trudde han skulle overleva. Seks år seinare reiste Bakketeig seg frå rullestolen.

- Korleis var det å snakka om din eigen sjukdomshistorikk framfor kamera?

- Det er ei tid i livet som eg eigentleg har fortrengt. Eg hugsar veldig lite frå den perioden. Heilt sikkert med hensikt. Eg har lagt det på harddisken uten å trykka på "lagre", seier Bakketeig og held fram:

- Eg må nesten vera i lag med kompisane mine frå den tida for å hugsa korleis det var, for dei hugsar det betre enn eg gjør. Men eg trur nok at det er litt av grunnen til at eg er så engasjert i å hjelpa andre i dag.

Gjekk rundt med knekt lår

I 1995 måtte Bakketeig skifta hofte. Før han vart operert og var hamna utanfor arbeidslivet i to år, hadde han alt starta med hjelpearbeid.

- Då jobba eg i Polen. Eg hadde så utruleg vondt i foten. Det viste seg at eg hadde gått rundt med halvknekt lår, så foten gjekk frå kvarandre når eg gjekk. Når eg kom med i sving igjen etter den lange perioden utanfor arbeidslivet, bestemte eg meg for verkeleg å gå inn for å hjelpa andre, seier Bakketeig og legg til:

- Det eg driv med i dag er draumejobben min. Eg er glad i å reisa, og eg likar utfordringar. Ikkje minst er eg glad i å hjelpa andre. No skal me laga eit system i Moldova slik at det varer langt inn i framtida.

Juleferie i heimen

I kveld sit han benka framfor fjernsynet med kona Ingunn. På sjølve utdelinga hadde han med seg heile familien, frå born til svigerborn og barneborn.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig kjekt. Det er tydeleg at dei hadde plukka kjendisar frå A-nivå. Statsministeren delte ut prisen til meg. Det er eit flott konsept dei har fått til. I England har dei hatt eit tilsvarande program, Pride of Britain Awards, gåande i 17 eller 18 år. Det er mange flotte, og sterke historier der ute, seier Bakketeig.

No gler osingen seg til å "slappa av" i jula.

- Eg kom heim for å vera med på prisutdelinga, og blir heime til over jul. Eg kjem nok til å jobba litt med søknader og diverse. Me har jobba hardt i haust, så det er kanskje ikkje så ufortent at eg tek det litt roleg i jula, smiler Bakketeig.

Om Hjelp Moldova

Hjelp Moldova starta arbeidet sitt i 1993. De første årene som reint naudsarbeid; typisk trailerlaster med mat og klede. Siden 2001 har hovudaktiviteten vore «Prosjekt synshjelp».

90% av verdas blinde bur i fattige land. 80% av all blindheit kan førebyggjast eller behandlast. Det meste av arbeidet i organisasjonen er dugnadsbasert, og alt av utstyr og hjelpemiddel er gratis for pasientane. Målet for organisasjonen er hjelp til sjølvhjelp. Visjonen til «Prosjekt synshjelp» er å rehabilitera og integrera alle synshemma slik at dei får moglegheiten til å delta i sosialt liv, skule, arbeid, heim og fritid.

Kvart år, den andre torsdagen i oktober, vert «Verdens syns-dag» markert for å bidra til økt bevisstheit om synshemmingar. I år hadde Dagbladet ei sides reportasje med fokus på arbeidet som «Hjelp Moldova» og samarbeidspartnerne «Optometry Giving Sight» og «Norges optikerforbund» utfører i Moldova.