Sist veke fekk førstegongsveljarane Amalie Styrvoll og MArte Skåtøy møta varaordførar Marie Bruarøy. Ho gav dei eit innblikk i politikken.
Sist veke fekk førstegongsveljarane Amalie Styrvoll og MArte Skåtøy møta varaordførar Marie Bruarøy. Ho gav dei eit innblikk i politikken.

Eit steg nærare sitt første val

Mykje har endra seg sidan sist me snakka med førstegongsveljarane Amalie Styrvoll og Marte Skåtøy. Begge har funne seg eit nytt favoritt-parti.

Om valet hadde vore i morgon ville Martes stemme gått til Arbeidarpartiet, medan Amalie ville gitt si stemme til Høgre. Me kjem attende til kvifor.

Hadde ikkje noko forhold til politikk

I februar møtte «Os og Fusaposten» Amalie og Marte for første gong. Dei var begge innstilt å på stemma ved kommunevalet 2015, men hadde liten kunnskap og kjennskap til både parti og politikarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei sa då at dei ville "gått for Søviknes" fordi han får ting gjort.

Jentene har brukt dei siste månadene på å setja seg betre inn i politikken, og onsdag vitja dei varaordførar Marie Bruarøy for å få eit endå betre innblikk i kommunepolitikken.

- Då eg var like gamal som dykk, hadde heller ikkje eg noko forhold til politikk, seier Bruarøy.

Gymnasjentene Marte Skåtøy og Amalie Styrvoll kan mykje meir om politikk no enn då me snakka med dei i februar.
Gymnasjentene Marte Skåtøy og Amalie Styrvoll kan mykje meir om politikk no enn då me snakka med dei i februar.

Påverknadskraft

Bruarøy kjem frå ein politisk engasjert familie. Både far og bestefar hennar har vore varaordførarar før ho.

I starten av hennar politiske karriere var ho listefyll, men det gjekk ikkje lang tid før tok sjumilssteg oppover lista. No har ho vore varaordførar sidan 2010, og har stor innflytelse i kommunen.

Det dei fleste kanskje ikkje tenkjer på er at mannen i gata også har påverknadskraft.

- For over 10 år sidan meldte eg inn ei sak til politisk kvarter. Eg budde på Lekven, der asfalten var forferdeleg. Eg gav beskjed om at delar av vegen måtte skjerast vekk, og erstattast med ny asfalt, elles ville bilane bli øydelagt. Etter nokre veker var det plutseleg gjort. Dei hadde gjort som eg bad om, og det kjentest godt, seier Bruarøy.

Skåtøy og Amalie tenkjer at dei ikkje har noko dei skulle sagt, og at det er andre som ordnar opp der det trengst.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg tenkjer at ein ikkje har ei like viktig rolle som ein som er politisk aktiv, og at eg dermed ikkje har så stor påverknadskraft, seier Skåtøy og held fram:

- Eg kjørte over Langedalen for ei stund sidan. Eg reagerte på at vegen var dårleg, men tenkte ikkje over å spela saka inn til kommunen. Heldigvis er det nokon andre som har gjort det, for det var betre sist eg kjørte der, seier Skåtøy.

- Det er mange som ikkje seier i frå, av same grunn som dykk. Eigentleg skal ein ha litt å seia. Det er viktig å seia i frå, for om ingen gjer det, vert det ikkje ordna, seier Bruarøy.

Vanskeleg å skilja partia

Jentene fekk ei innføring i alle dei politiske utvala, og kor mange som sit der. Dei fekk òg vita at det er rådmannen, Knut Terje Rekve, som er den øvste administrative leiaren i kommunen. Under han igjen, sit einingsleiarar for dei ulike einingane i kommunen.

- Me politikarar vedtek berre "ytre" saker. Det handlar stort sett om pengar. Me sender ei bestilling til administrasjonen. Det vert løyva ein viss sum pengar, som dei skal nytta best mogleg, seier Bruarøy.

Mykje av det varaordføraren fortel jentene er heilt nytt for dei. Det er ikkje mange spørsmål dei kjem med, men dei fortel at dei har litt vanskar med å skilja partia, då mange ser ut til å kjempa for dei same tinga.

- Det kan eg godt forstå, seier varaordføraren og held fram:

- Men det er forskjell på partia. Til dømes er nokre opptekne av bevaring, medan andre ønskjer å få ting gjort, og er meir handlekraftige.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som eit ekteskap

Gymnasjentene fortel varaordføraren kva dei tenkte om valet for nokre månader sidan. Frp ville fått deira stemme, fordi Søviknes får ting gjort.

- Det er slik at Frp og Høgre sit i posisjon, som det heiter. Det vil seia at me har fleirtal i kommunestyret. Dei andre vert kalla opposisjonen, og dei er i mindretal. Det er ikkje slik at det er Frp som avgjer alle sakene, seier Bruarøy og legg til:

- Nokre vil ha det til at Høgre og Frp jobbar med skjult agenda, og at avgjerder vert gjort på bakrommet. Slik er det ikkje. Me er av og til ueinige og må inngå kompromiss. Det er som eit ekteskap, men det varer berre fire år i slengen.

Slik tenkjer dei no

Etter nokre månader med lesing, og studering av politikk, har jentene endra tankar kring deira val i september.

Sist ville begge stemma Framstegspartiet, no er det Høgre og Arbeidarpartiet som ligg an til å få stemmene deira. Slik tenkjer dei no:

Marte - Eg har endra meining då eg er motstandar av noko av det Frp står for. Eg er ikkje for privatisering. Eg meiner òg at me bør ta imot fleire flyktningar enn kva dei går inn for. Eg er meir tilhengjar av den sosialistiske sida. Arbeidarpartiet har fokus på helse. Det er mange som fokuserer på det same, men Ap ønskjer å styrkja barnevernet. Dei andre har ikkje fokus på det, så vidt eg kan sjå. I det heile interesserer politikken deira meg meir enn andres. Men eg har ikkje bestemt meg enno.

Amalie - Eg har lese litt, og ser at eg er interessert i mykje av det same som Høgre. Frp og Høgre står godt saman, og dei har eit godt samarbeid. Men Høgre har fokus på litt andre ting enn Frp, som å førebyggja rusavhengigheit, og å byggja fleire seniorbustader. Det er andre ting som er viktigare for meg enn parkeringshus utanfor Rådhuset, tak over fortaua, og Liv på Øyro generelt. For all del, det er greitt med tak om det regner, og eg vil at det skal vera fint i sentrum, men det er ikkje det som er viktigast.