Her er det varmast å bada i Os
Ein badeplass er varmare enn alle dei andre. Sjekk oversikta her.
Me går inn i høgsesongen for badeliv i Os, og Os kommune tek denne veka til å måla badetemperaturar.
Første måling
Klokka 9 torsdags morgon var Ola Kristiansen og Hege Christine Bolstad frå teknisk drift i Os kommune ute og tok temperaturen på badevatna i Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- No må du passa deg så du ikkje ramlar uti, seier Hege, medan Ola balanserer på kanten av stupebrettet i Mobergsvika.
Ola Kristiansen hadde første veke på sommarjobb denne veka, og det blir hans ansvar å måla badetemperaturane i bygda i løpet av sommaren (i tillegg til ei rekkje andre oppgåver).
Hege sleng uti termometeret og Ola samlar inn vatn som skal sendast inn til eit laboratorium.
- Kor varmt trur de det er, spør Hege etter å ha teke termometeret opp att.
Etter nokre forsøk, presenterer ho fasiten: 17 varmegrader i Mobergsvika.
Badetemperaturane
Her er den første oversikta over temperaturar:
Badestad
Artikkelen held fram under annonsen.
Temperatur
Smievågen
16
Moldafjæra
16
Mobergsvika
17
Kuvågen
Artikkelen held fram under annonsen.
17
Skeisstøa
16
Sigurdsvika
20
Søvikvågen
16
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er meldt over 20 varmegrader både torsdag, fredag og kanskje laurdag, så framleis er det gode forhold for bading. Komande veke skal det bli noko kjøligare.
Bakteriar
Vatnet blir også undersøkt for koliforme bakteriar. Det har stort sett vore få problem med det i Os, men det er viktig å ha kontroll på det, seier Bolstad.
Koliforme bakteriar er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 milliliter vatn. Helsestyresmaktene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.
Resultatet frå laboratoriet er venta fredag.