Dirigent Tarjei Skeie og koristane i Lysekoret gjer seg klare for siste finpuss av Vamp-konsertane dei skal halda til helga.
Dirigent Tarjei Skeie og koristane i Lysekoret gjer seg klare for siste finpuss av Vamp-konsertane dei skal halda til helga.

Lysekoret syng Vamp

Fredag og laurdag kan du høyra Lysekoret med orkester framføra tolv Vamp-songar.

Leiaren i Lysekoret, Gro Drange, inviterer lokalavisa til ei av dei faste øvingsøktene på Lysefjorden barneskule.

- Det er laga eit eige hefte med Vamp-melodiar tilpassa kor, og det er dette me tek utgangspunkt i, fortel ho - og viser til kjende songar som Månemannen, Tirna Noir og Humler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei rundt 30 kormedlemmene strøymer inn i kantina på nyeskulen i Lysefjorden, og finn plassane sine i ein halvsirkel rundt dirigent Tarjei Skeie. Han har vore dirigent for blandakoret i rundt tre år, og ser ut til å trivast godt i rolla.

På konsertane - fredag på Stend vgs og laurdag på Lysekloster skule - skal dei ha med seg eit lite orkester på fem. Anne-Leni Søfteland og Terje Neset på piano og gitar, Tord Øvrebotten på slagverk, Eirik Hodneland på gitar og Ole Petter Nordstrøm på saksofon. Alle, bortsett frå "trommisen" Tord, er til stades på øvinga denne kvelden.

- Me tek to gjennomkøyringar av repertoaret i kveld, kunngjer dirigenten, og koristane reinskar stemmene og gjer seg klar for den første av tolv songar, melodien «Det e derfor eg synge». Teksten er skriven av Per Olav Kaldestad.

Orkesteret som skal syta for tonefølgje under konserten. Frå venstre sit Ole Petter Nordstrøm på saksofon, Eirik Hodneland og Terje Neset på gitar, og Anne-Leni Søfteland, piano. Tord Øvrebotten, slagverk, var ikkje til stades denne kvelden.

Og så tok dei fatt i den eine kjende Vamp-songen etter den andre. Med nokre siste finjusteringar, vil dette garantert bli ein konsert osingane og andre bør få med seg neste helg.