Nore Neset vil i første omgang laga til eit fotball fritidsordning-tilbod for elevar frå 3. - 7.klasse. Etter nyttår kan det henda at også 1. og 2. klassingar får ta del i FFO. (Arkiv
Nore Neset vil i første omgang laga til eit fotball fritidsordning-tilbod for elevar frå 3. - 7.klasse. Etter nyttår kan det henda at også 1. og 2. klassingar får ta del i FFO. (Arkiv

Vil starta FFO på Nore Neset

Nore Neset Idrettslag er i gang med å laga til ei fotballfritidsordning for elevar i 3. - 7.klasse.

Fotballfritidsordninga skal starta opp 1. desember, og går av stabelen kvar tysdag og torsdag. Klubben vil starta opp om minst 15 born vert meldt på. I denne omgang er det plass til maks 30 born, men om interessa er stor, vil Nore Neset utvida tiltaket frå 1. januar. Dei vil også sjå på høva for å laga til ei gruppe for 1. og 2. klassingar, om det er ønskeleg.

Godt kosthald og folkeskikk

Fotballaktiviteten vil sjøvsagt vera ein stor del av FFO-tilbodet, men samstundes ønskjer klubben å skapa bevegelsesglede gjennom variert aktivitet. Det er eit mål at FFO-deltakarane skal ha eit godt kosthald, læra seg god folkeskikk, og ha fokus på fair play.

Artikkelen held fram under annonsen.

Instruktørar leiar treningane

Klubben ser føre seg 1-1,5 timer med trening, og at resten av tida skal nyttast til førebuing, leik og leksearbeid dersom dette er noko foreldra ønskjer. Nore Neset vil nytta utdanna instruktørar til å leia treningane.

Os og Fusaposten har ikkje lukkast å få tak dagleg leier i Nore Neset Idrettslag, Jarle Heltne onsdag føremiddag. Me kjem attende med meir informasjon.