Strikk til Tunet: Håper på liv og røre i kyrkje- og kultursenteret
Laurdag inviterer «Strikk til Tunet» til kunstutstilling og basar i kyrkje- og kultursenteret.
- Vi vil laga ei triveleg stund for store og små, skapa litt liv og røre i tunet, seier Randi Drange. Ho er initiativtakar til arrangementet laurdag.
- Det blir song med SjubaDups og Kyriake og Åsmunds trio spelar, fortel Randi.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg skal Bodil Duesund lesa frå Tindbergs bok «Fritt fortalt om bibelfortellingar», og det vert kakelotteri, åresal og kaffi med fastelavnsbollar.
- Det er tretten kunstnarar som skal stilla ut og selja bileta sine her. Då vi ringde rundt for å høyra om dei ville vera med, sa nesten alle ja, seier Randi.
Ho fortel at publikum også kan koma for å sjå på bileta på søndagen.
Mest for det sosiale
Det er rundt eitt år sidan fyrste gongen damene i strikkegruppa «Strikk til Tunet» hadde si første samling. Sidan har dei møttest i Tunet kvar onsdag. Gruppa er open for alle som vil.
- Det er jo mest for det sosiale. Nokon strikkar, andre syr. Praten går heile tida. Ein av oss plar ta med heimebakte rundstykke og pålegg, fortel Randi.
Til vanleg kjem det rundt 15 damer til treffa.
- Produksjonen av strikk hadde blitt så stor no, at vi måtte finna på noko, smiler Drange, som vonar mange tek turen laurdag.
Til basaren har dei også fått laga stativ til å hengja dukkeklede på og ei flott dukkeseng.
Artikkelen held fram under annonsen.
post@osogfusa.no