Karina (14) er lite imponert over pappas instagram-bruk
– Han har 1.400 følgarar, men berre eitt innlegg. Det handlar om ein båt, seier Karina Askeland Søviknes og ristar på hovudet.
p>Kvinneforeningen, beståande av Anne Marie Aarøen Vangsnes og Stine Kobbeltvedt, har hatt podcast-pause sidan i vinter, men er no endeleg tilbake med ny sesong. Denne gongen med det ubeskjedne målet om å redda folks kvardag.
I fyrste episode ser dei nærmare på temaet SoMe, eller sosiale medier. Sidan tenåringane er ekspertar på temaet, har dei fått hjelp frå Karina Askeland Søviknes (14) og pappa Terje som er sjølverklært Facebook-entusiast. Instagram er han derimot ikkje så god på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Pappa fekk instagram-konto for eit år sidan og kom raskt opp i nesten 1.400 følgarar. Men han har berre eitt einaste innlegg. Det handlar om ein båt, seier Karina og ristar litt oppgitt på hovudet.
Pappa, som altså er Os-ordførar Terje Søviknes, vedgår at han har forbetringspotensiale.
– Men eg veit kva LOL betyr. Laugh a lot, seier han stolt.
– Nei, pappa, det betyr laugh out loud, korrigerer Karina.
Høyr også Søviknes fortelja om då han måtte sletta eit Facebook-innlegg etter ein telefon frå Erna.
anne-marie@osogfusa.no