Høgtrykket over Hordaland har gjeve osingar og fusingar fantastiske, stjerneklare kveldar i oktober. Her er kveldsstemninga fanga over Skeisheia med utsikt over Strøneosen og Strøno.
Høgtrykket over Hordaland har gjeve osingar og fusingar fantastiske, stjerneklare kveldar i oktober. Her er kveldsstemninga fanga over Skeisheia med utsikt over Strøneosen og Strøno.

Lovar fleire stjerneklare netter

Til no har det berre regna 20 mm i Hordaland denne månaden, og enno er det meldt skyfritt vêr i mange dagar framover.

I desse dagar kan Bergen notera seg for ny rekord i talet på regnfrie dagar i oktober. Også elles i Hordaland har haustvêret den siste tida vore fenomenalt vakkert.

- Det er sjeldan ein får slike høgtrykk over Vestlandet på denne tida av året. Det at det berre har regna 20 millimeter i oktober, seier sitt. Det er uvanleg, konstaterer meteorolog Trond Thorsteinsson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stjerneklare kveldar

Meteorologen går langt i å lova fint vêr ut skuleelevanes haustferie.

- Det er eit solid høgtrykk me har over oss, og det er lite som tyder på at det forsvinn med det første. Slik eg ser det, vert det veldig pent vêr med sol på dagtid og stjerneklare kveldar i alle høve fram til og med fredag. I helga vert det kanskje litt meir skya, men i all hovudsak vert det fint vêr då også, seier Thorsteinsson.

Historisk sett brukar oktober å vera svært fuktig for vestlendingar.

Denne gjengen nyt haustferien heime i Os. Tysdag koste dei seg på Telthusplassen. Frå venstre 1 år gamle Simba Rafike, Muriel Hummelsund, Levine Hummelsund og Linea Rådmannsøy Lunde.
Denne gjengen nyt haustferien heime i Os. Tysdag koste dei seg på Telthusplassen. Frå venstre 1 år gamle Simba Rafike, Muriel Hummelsund, Levine Hummelsund og Linea Rådmannsøy Lunde.
Speglblank, solfylt Oshamn tysdag føremiddag.
Speglblank, solfylt Oshamn tysdag føremiddag.

- Det er spesielt at det knapt har regna denne månaden. Den vesle nedbøren som er komen var vel nett i overgangen frå september. Sidan har det vore tørt.

Kjekt med skryt

Dei tilsette ved Meteorologisk institutt i Bergen brukar å få mange telefonar når regnvêret herjar som verst. På dagar som desse er det meir stilt.

- Det er litt rart det der. Folk liker betre å klaga enn å skryta, humrar Thorsteinsson, før han meir alvorleg legg til:

- Det er vel meir det at når vêret er som verst, så ringjer folk oss i håp om at me kan lova betring i nær framtid. Det treng dei ikkje å gjera denne veka, ler meteorologen.