Anne Marie Aarøen Vangsnes vert debattleiar når «Os & Fusaposten» skipar til valdebatt i Os og Fusa. Redaktør Jostein Halland vonar mange finn vegen til Fusa vgs. og Nore Neset Aktivitetshus høvesvis 3. og 10. september.
Anne Marie Aarøen Vangsnes vert debattleiar når «Os & Fusaposten» skipar til valdebatt i Os og Fusa. Redaktør Jostein Halland vonar mange finn vegen til Fusa vgs. og Nore Neset Aktivitetshus høvesvis 3. og 10. september.

Inviterer til debatt med partitoppane

«Os & Fusaposten» inviterer til debatt med partitoppane i både Os og Fusa - i innspurten av valkampen.

 

Kenneth Svenningsen

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

- Det er svært mange interessante saker å drøfta og utfordra politikarane på både i Os og Fusa. Nettopp det har me mål om å gjera i desse to debattane, seier redaktør Jostein Halland.

Fusa-debatten går av stabelen på Fusa vidaregåande skule torsdag 3. september. Veka etter, torsdag 10. september, vert det debatt i Nore Neset Aktivitetshus.

- Sjølv om det er travle tider med mange debattar, også lokalt, har ordførarkandidatane sagt ja til å stilla til ein avsluttande debatt i regi av lokalavisa. Det er me glade for, seier Halland, som legg til at alle partitoppane i begge kommunane, minus MDG i Fusa, har meldt sin ankomst.

Skule er heit potet

I Fusa-debatten kjem ein ikkje unna drøftingane som har vore om skulestruktur, og dette vil verta eit hovudtema på debatten 3. september. Men både her og på Os 10. september skal avisa ta for seg fleire sentrale tema som samferdsle, kommuneøkonomi, kommunesamanslåing og flyktningar, for å nemna noko, i tillegg til skule og barnehage-politikk.

- Når det gjeld spørsmål og tema til politikarane, ynskjer me hjelp frå lesarane. Send inn spørsmål til oss på epost på førehand, så vil me ta opp ditt innspel direkte med politikarane, opplyser Halland.

Historisk

Dette er fyrste gong i historia at «Os & Fusaposten» arrangerer valkampdebatt i Os eller Fusa. Ordstyrar vert journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes.

- Ho har lang røynsle som programleiar, konferansier og ordstyrar, og eg er sikker på at ho kjem til å gjera ein kjempejobb. Ho har bein i nasen til å "ta for seg politikarane", dersom det skulle vera behov for det, smiler Halland, som no håpar på godt oppmøte både i Os og Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ein moglegheit til å høyra direkte frå politikarane, og også stilla sine spørsmål til dei, tett opp til valdagen. Me vonar mange nyttar sjansen, avsluttar Halland.