Det var stor stas for barnefotballgruppa til Eikelandsfjorden IL å få årets deltakarpremie utdelt av ein ekte Brann-helt. (Alle
Det var stor stas for barnefotballgruppa til Eikelandsfjorden IL å få årets deltakarpremie utdelt av ein ekte Brann-helt. (Alle

Fekk premiar av komande sølvgut

Med Kristoffer Barmen som prisutdelar og 120 festglade fotballspelarar vart det ei fin avslutning for barnefotballgruppa til Eikelandsfjorden IL tysdag.

Dei hadde mykje til felles med gjesten frå Idrettsveien i Bergen, spelarane på Eikelandsfjorden IL. Ikkje berre spelar dei i raudt alle mann, også Fjord'n-spelarane kan sjå tilbake på ein høgst vellukka sesong.

Kjekk premieutdelar

Indreløparen frå det (forhåpentlegvis) komande sølvlaget til Brann tok tysdag turen til Eikelandsfjorden samfunnshus for å heidra 120 spelarar og dommarar i barnefotballgruppa til Eikelandsfjorden IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter vel endt seriesesong var det på høg tid å takka alle for innsatsen. Til ein slik jobb hentar ein gjerne dei beste.

- Det er klart det var stas for oss å få Kristoffer inn her. Han viste seg å vera ein superkjekk ung gut med godt humør og mange gode kommentarar til ungdomen vår, fortel leiar i barnefotballgruppa Merete Midtrød.

Mange lukkeønskingar

I lag med leiar-kollega Janne Samnøen er Midtrød strålande nøgd med sesongen og avslutningsfesten.

Både Fjord'n-jenter og Kristoffer Barmen kler raude drakter.
Både Fjord'n-jenter og Kristoffer Barmen kler raude drakter.
Dommargjengen vart sjølvsagt også heidra for god innsasts denne sesongen.
Dommargjengen vart sjølvsagt også heidra for god innsasts denne sesongen.
God og raud stemning i Eikelandsfjorden samfunnshus fredag.
God og raud stemning i Eikelandsfjorden samfunnshus fredag.

- 120 spelarar i alderen 6-12 år var med på festen. Blant desse mange dommarar som også fortener ros og takk for jobben dei har gjort denne sesongen, fortel Midtrød.

Etter å ha ete eit sunt lett måltid (frukt må forstå) var det tid for kveldens høgdepunkt.

- Kvart og eitt av våre 11 barnelag vart deretter ropt opp på scenen. Der stod Kristoffer Barmen og venta og delte ut premie til samtlege spelarar, fortel Midtrød.

Etter at alle deltakarpremiane var utdelte stilte Branns høgreiste indreløpar seg villig opp for fotografering og autografskriving.

- Han var flink med spelarane og tok seg god tid til dei. Me kan ikkje anna enn å ønskja han lukke til på søndag. Måtte Kristoffar og Brann slå Sarpsborg 08 å ta sitt fortente sølv, konstaterer barnefotball-leiaren i Eikelandsfjorden.