Konsert og utstilling på Fredheim
Årets Vinnesfestivalen går av stabelen til helga. Tradisjonen tru vert festivalen avslutta med konsert i Bedehuset Fredheim - det snart 100 år gamle, verna bedehuset på Vinnes som no er blitt kulturhus.
Tidlegare år har både Benedicte Maurset, Berit Opheim, Sigbjørn Apeland og Njål Vindenes opptredd her, og samla fulle hus.
Til konserten i år kjem songarinna Åsne Sunniva Søreide (nedste biletet) saman med cellisten Johann Sebastian Blum.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei skal ta oss med på ei reise i toneskrinet frå Vestlandet. «Det stig av hav eit alveland» er temaet for konserten, opplyser venelaget for Fredheim i ei pressemelding.
Til Paris
I tillegg til konserten søndag vert det utstilling i Småsalen på Fredheim. «Den blå timen» har den kjente norske biletkunstnaren, Bjørn Strandenes, sett som tittel for samlinga av måleri.
I haust er han invitert til prestisjetung separat-utstilling i Paris.
Utstillinga på Fredheim er open under festivalen laurdag og søndag.
Vinnesfestivalen kan elles by på Omer Bhatti, Juice Crew, Torgdag, Fusa Got Talent, Gina Aspenes, Orbo og Twang Gang. Blant anna.