Osogfusa.no i ny drakt
Frå og med i dag framstår osogfusa.no i ny drakt.
– Målet er at nettsidene våre skal bli endå meir innbydande og enklare å betjena, at dei vert meir lesarvenlege og oversiktlege, samstundes som informasjonstenestene våre og kundeservicen skal bli betre. I tillegg vil sidene framstå meir attraktive for annonsørane våre, seier redaktør Jostein Halland.
I samband med overgangen frå dei gamle nettsidene til dei nye, vil alle saker vera opne i eitt døgn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Del av moderniseringa
Halland gler seg over oppgraderinga og fornyinga av nettsidene.
– Sidan me lanserte nettsidene i 2015 har lesarutviklinga vore god. No ynskjer me å vidareutvikla sidene med mål om eit betre tilbod for både lesarar og annonsørar. Vonleg vert endringane tekne godt i mot.
Endringane er del av eit utvida samarbeid med Sunnhordland som no også omfattar Agderposten.
– Sistnemnde har vore heilt sentral i omlegginga, og me ser fram til å dra nytte av den kunnskapen og kompetansen som dette mediehuset innehar. Dei er langt framme på tekniske løysingar, og det får me no dra vekslar på, kommenterer Halland.