Det å koma seg ut av Noreg, og møta folk frå alle delar av verda, trekkjer Kristianna Lekven Moberg fram som eit stort pluss. Både på skulen og elles treffer ho folk frå heile verda i ein multikulturell by som London. (Privat foto)
Det å koma seg ut av Noreg, og møta folk frå alle delar av verda, trekkjer Kristianna Lekven Moberg fram som eit stort pluss. Både på skulen og elles treffer ho folk frå heile verda i ein multikulturell by som London. (Privat foto)

Utdanning: Kombinerer reiseglede med utdanning

Kristianna Lekven Moberg (21) er glad i å reisa, men ho ønskte ikkje å ta eit friår for å gjera det. Resultatet blei ein kombinasjon.

- Eg tenkte at det kunne vera greit å få reisa samstundes som eg fekk starta på utdanninga. Eg har budd i London i to år no, og trivst kjempegodt, seier Lekven Moberg.

Finst ikkje tilsvarande i Noreg

Osingen studerer og bur på campus på University of Roehampton i London, der ho er i gang med siste året av bachelorgraden. Ho studerer International business.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Når eg er ferdig med bachelorgraden, satsar eg på å gå vidare på Project management og Event management og forhåpentlegvis ta master som spesialiserer seg innan dette området, seier Lekven Moberg.

At ho valte å studera utanlands, skuldast ikkje berre reiselysten.

- Det er ikkje noko i Noreg som tilsvarer International business-programmet, så eg måtte utanlands.

Viktig å prøva og feila

Lekven Moberg syntest det var vanskeleg å velja studium etter at ho var ferdig på Os gymnas. Ho søkte først på psykologi, og kom inn, men eit par veker før ho skulle starta, sendte ho melding til universitetet om ikkje ho kunna få gå Business management and digital media i stadenfor. Det gjekk i orden, og ho fullførte eit år før ho nok ein gong byta fag.

- Eg fann ut at eg heller ville ha meir om kultur og internasjonale relasjonar. Difor byta eg til International business, seier ho og legg til:

- Eg meiner det er viktig å prøva og feila for å finna ut kva som verkeleg interesserer deg. Etter å ha byta nokre gonger, føler eg at eg no har funne den rette utdanninga for meg.

- Ein bør vera sjølvstendig

Dette er ikkje første gong Lekven Moberg reiser utanlands i samband med studium. Det andre året på gymnaset valte ho å ta som utvekslingsstudent i Maine i USA.

- Eg har alltid vore glad i å reisa og oppleva nye plassar. Dette gjorde meg endå meir klar for å sjå meir av verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

For andre som vurderer utanlandsstudium, meiner Lekven Moberg at det berre er til å køyra på.

- Eg kan verkeleg anbefala det. Det er ei fantastisk oppleving, og kvaliteten på utdanninga, i alle fall der eg går, er kjempegod. Dette kan skilja deg frå andre søkjarar til framtidige jobbar, seier ho.

Det å koma seg ut av Noreg, og møta folk frå alle delar av verda, trekkjer Lekven Moberg fram som eit stort pluss. Både på skulen og elles treffer ho folk frå heile verda i ein multikulturell by som London.

- Studentane og forelesarane kjem frå alle moglege land, noko som gjer at ein blir kjend med nye menneske frå heile verda.

- Kva meiner du krevst for å studera utanlands?

- Ein bør vera sjølvstendig, og ikkje vera redd for utfordringar. Ikkje minst vera open for nye menneske og nye moglegheiter.

- Det skjer noko heile tida

På fritida er det også mykje å ta seg til i London.

- Det er alltid mykje som skjer. Det er konsertar, og mange konferansar og networking-arrangement som er ein bra plass å møta menneske innanfor det ein studerer. Roehampton er også eit campus-universitet, så det skjer noko kvar einaste dag. Eg kan så absolutt anbefala London som studiestad, seier 21-åringen.