I ein av kalendrane går Skåtun inn i detaljane med blomar, fuglar og insekt.
I ein av kalendrane går Skåtun inn i detaljane med blomar, fuglar og insekt.

Berge Skåtun med tre kalendrar

For 2016 har fotograf Berge Skåtun laga ikkje mindre enn tre kalendrar.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Den eine har lanskapsmotiv frå rundt i Fusa. No er det berre 12 månader i året, så det er avgrensa kva eg har fått med, seier Skåtun.

Den andre har motiv frå Vinnesbygda. Denne har blitt til etter sterkt press frå naboar og sambygdingar. I den tredje kalenderen går Skåtun inn i detaljane med blomar, fuglar og insekt. Det er også blitt plass til sau, noko alle oppegåande folk vil vita å setja pris på.

- Dette er svært kortreiste motiv. Dette er eit prøveprosjekt, og kalendrane er trykt i eit lite opplag. Om dei sel like godt som boka «Mitt Fusa» som eg gav ut for to år sidan, så trykkjer eg opp fleire, seier Skåtun.

-Dette er eit prøveprosjekt, og kalendrane er trykt i eit lite opplag, fortel fotograf Berge Skåtun.
-Dette er eit prøveprosjekt, og kalendrane er trykt i eit lite opplag, fortel fotograf Berge Skåtun.

Me får opplyst at kalendrane kjem frå trykkeriet i løpet av ei vekes tid.