Frakta til Haukeland etter krasj med fjellknaus
I dag tidleg krasja ei kvinne med ein fjellknaus i Strandvik.
- Kvinna er frakta til Haukeland universitetssjukehus. Ho klaga må smerter i mageregionen og i nakken, opplyser Fusa lensmannskontor.
Ikkje mistanke om promille
Ulukka skjedde i Strandvik ved Strandli byggefelt. Det er 60-sone på staden, men politiet vil ikkje seia noko om kva fart dei trur kvinna har hatt. Dei etterforskar no saka. Det er ikkje mistanke om promille.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa lensmannskontor opplyser at dei fekk ei direktemelding om hendinga.
- Ideelt sett skulle meldinga gått via operasjonssentralen, men vi blei oppringt direkte. Vi varsla ambulanse og brannvesen. Politiet og ambulanse rykte ut.
Bilen blei totalskadd.