Knallsterk opning borte mot Lyngbø
Den harde løpetreninga i vinter betalte seg alt i første serierunde borte mot Lyngbø. Etter kvilen stod dei Os løpet betre ut, og slo til slutt laksevågsgutane 2-0.
Men det var på dødballar at Os skåra mål. Noko overraskande for trenaren.
- Eg kan ikkje akkurat seia at me er noko dødball-lag, men det er svært hyggjeleg at me også byrjar å bli målfarlege på den biten, ler Hassan El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han var ein svært letta og glad mann etter kampen på Gravdal.
- Det er alltid litt nervar og høge skuldre i første serierunde. No er me berre utruleg glade for å sjå at den treninga me har gjort i vinter ser ut til å bære frukter. Me var spente før start, men føler me oss trygge på at me at me har eit lag som kjem til å ta godt med poeng utover i sesongen, seier Fakiri.
Assist-strøm frå Kanestrøm
Os sine to mål kom med ti minutters mellomrom etter vel ein time spelt.
Nest sist på måla var veteran og "først-i-alt-mann" i Os-laget, Erik Kanestrøm.
- Erik slo fleire gode dødballar i dag, spesielt eit par av hjørnesparka var bra - då han i det 66. minutt treffte Adrian Valle og vel ti minutt etter prikka inn Torgeir Lunde, seier oppmann Stian Kvåle.
Midtstoppar Valle har skåra tidlegare, men for Torgeir Lunde var det den første fulltreffaren som A-lagsspelar.
- Veldig kjekt for Torgeir. Han har hatt ein enormt god utvikling heile vinteren, og gjorde nok ein gong ein fantastisk god kamp på sentralmidtbanen, skryter trenar Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lag-siger
Trenaren vil elles ikkje trekkja fram fleire enkeltspelarar.
- Dei var bra heile gjengen. Dei stod opp for kvarandre og kjempa knallhardt, konstaterar Fakiri.
For Lyngbø var slett ingen enkel motstandar.
- Eg synest dei var gode. Dei hadde eit godt midtstoppar-par og var godt organiserte. Fysisk var dei veldig sterke, men me sprang nok meir enn dei, og fekk etter kvart betalt for det, seier trenaren.
Komande laurdag tek Os A-lag imot Austevoll til første heimekamp for sesongen. Då håpar trenaren å sjå spelarane sleppa seg endå meir laus.
- Det var veldig bra i dag, men ein del spelte med litt høge skuldrar. Det er ikkje unaturleg i ein sesongopning. Utover våren trur eg spelarane vil sprudla meir og meir, avsluttar Fakiri.