(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Høglydt boblebad-fest

Tre personar i eit boblebad hadde det så kjekt at naboane måtte ringa politiet då dei ikkje fekk sova.

- Politiet fekk i 04-tida natt til i dag melding om forstyrring av nattero i Hagavik-område. Det viste seg å vera tre personar i eit boblebad. Dei spelte svært høg musikk, og fekk pålegg om å roa seg ned. Politiet fekk ikkje fleire meldinga om dette, så vi reknar med at dei gjorde som dei fekk beskjed om, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

På Esso var det også denne helga tillaup til slåsting.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her skal det ha vore to personar som har plaga ein tredjeperson. Dette skal ein annan ha observert, og reagert på. Slik det ser ut i loggen, skal det ha oppstått knuffing mellom dei to førstnemnde, og vedkommande som reagerte på det han oppfatta som plaging av tredjepersonen, seier Kolltveit.

Patruljen i Os trefte natt til i dag på ein rusa mann som gjekk i vegbanen, og ein full person som låg og sov utanfor rådhuset.

- Han låg og kvilte, og det var vanskeleg å få han til å vakna. Patruljen fekk han på beina, og inn i ein taxi, seier Kolltveit.