Vil svart arbeid til livs
- Eit skattefrådrag for å bruka godkjende handverkstenester i privatmarknaden har vist seg å vera eit effektivt verkty i kampen mot svart arbeid, seier stortingsrepresentant Laila Reiertsen, og nemner Sverige som eit godt døme på dette.
Etter å ha lese saka om huseigaren på Os som hadde nytta seg av eit ikkje godkjent utanlandsk selskap til å leggja nytt tak, vil Frp-representanten frå Os igjen engasjera seg for at ROT-frådraget kan innførast i Noreg, slik dei har gjort i Sverige, Danmark og Finland.
ROT er ei forkorting for Rehabilitering, Ombygging og Tilbygg, og er eit skattefrådrag til privatpersonar ved bruk av kvite handverkstenester under rehabilitering, oppussing eller tilbygg på eigen bustad.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ved å bruka godkjende handverkarar sikrar ein ikkje berre tryggleik for huseigarane, det vert også lettare for dei seriøse verksemdene å klara seg, noko som igjen fører til at lærlingar lettare kjem seg inn på arbeidsmarknaden etter endt læretid, seier Reiertsen.
Forslaget nedstemt
Saman med fleire andre stortingsrepresentantar frå Frp la ho for to-tre år sidan fram eit forslag om å innføra ROS- og ROT-skattefrådrag i Noreg.
ROS-frådrag skal gje skattelette til privat hushaldning som kjøper tenester som reinhald, omsorg og andre sørvistenester.
Forslaget vart nedstemt, men ho vil jobba for å få saka opp att.
Forslagsstillarane ville også at arbeid gjort på tomta i samband med bustadbygging skal vera ein del av ROT-frådraget, som til dømes drenering, opparbeiding av tomteareal etter rehabilitering, ombygging og tilbygg. Materialer skal ikkje vera med i frådraget.
I forslaget går det også fram at politikarane ser for seg at det må vera eit tak for kor mykje kvar person kan få skattefrådrag for, og nemner 50.000 kroner som ein høveleg sum.
Skaper store problem
Handverks- og industriforeiningar har lenge arbeidd for å få slutt på svart arbeid og useriøse verksemder i Noreg, og støttar opp om forslaget med å innføra eit ROT-frådrag.
Byggjenæringa meiner at den svarte arbeidsmarknaden skaper vanskelege og urettferdige konkurransetilhøve for dei som driv seriøst, og øydelegg både for næringa, arbeidstakarane og forbrukarane. I tillegg fører det til eit stort inntektstap for fellesskapet. I tillegg
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode resultat i Sverige
Sverige innførte RUT-frådrag (vask og reinhald) i 2007 og ROT-frådrag i 2008. I løpet av 2009 kunne det svenske skatteverket visa til ei etablering av 12.000 nye arbeidsplassar, og etter tre år kunne ein konstatera at svart arbeid hadde sunke med 90 prosent i den svenske byggjebransjen. I dag er det nesten ikkje svart arbeid i nabolandet vårt.
- Ikkje berre har systemet ført til at det er skapt fleire arbeidsplassar, haldninga til bruk av svart arbeid har også endra seg drastisk, fortel Reiertsen.
- Ein annan ting folk bør vera merksame på, er at forsikringsselskapa ikkje dekker skadar eller dårleg utført arbeid dersom det ikkje er gjort av godkjende verksemder.
- Ja, ein kan rett og slett risikera å bli svartelista av forsikringsselskapa dersom dei får kjennskap til at ein nyttar seg av useriøse verksemder, legg ho til.
- Bør prøvast ut
Det er ingen løyndom at oljeindustrien på Vestlandet også har trekt til seg mange useriøse verksemder eller private aktørar som jobbar svart, både innanfor byggjebransjen og andre næringar. Laila Reiertsen meiner difor at me bør prøva ut ordninga med ROT-frådag i vårt eige fylke, eller i nabofylket Rogaland.
- Me må prøva å få bukt med sosial dumping, og samstundes prøva å skapa gode haldningar hos dei som kjøper tenester. Det er verdt forsøket, og eg hadde blitt veldig kry om Hordaland fylke ville prøva ut systemet. Det har vist seg å ha såpass mange positive effektar, at me lyt gje det ein sjanse, meiner Reiertsen.