- Arroganse frå leiinga

- Me er blitt møtt med arroganse frå leiinga i Osbadet KF og ikkje noka grunngjeving for ein slik prisauke, skriv LHL Os og Os Revmatikarlag.

LESABREV: Det har tidlegare vore oppslag og intervju i lokalpressa om prisauke på over 40 prosent frå det kommunale foretaket Osbadet KF for bruk av terapibassenget.

LHL Os og Os Revamatikarlag har prøvd å ta opp saka med Osbadet og i fleire utval i kommunen. Her har ein blitt møtt med arroganse fra leiinga i Osbadet KF og ikkje noka grunngjeving for ein slik prisauke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først av alt er det slik at kommunen har plikt å leggja tilhøva til rette for dei som har ein helsemessig trong for trening i terapibasseng. Dette ligg som ein føresetnad for så vel investeringar som i statlege overføringar. Leiinga i Osbadet KF ser på desse gruppene på lik line med andre kundegrupper etter vanleg marknadstenking - noko som er i strid med norsk helsepolitikk. Der er andre kommunar i Hordaland der desse gruppene ikkje vert belasta økonomisk.

Organisasjonane tek no opp saka formelt med kontrollutvalet i Os kommune, då dette utvalet har som hovudføremål å sikra at innbyggjarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lovar og reglar.

Det spørsmålet som kontrollutvalet primært skal sjå på, er om styret i Osbadet KF heilt vilkårslaust og einsidig, kan auka leigeprisen i terapibassenget eller om dei er bunden av ei avtale med pasientorganisasjonane frå 2006 om å justera prisauken i samsvar med alminnelig prisauke slik avtalen har vore forstått og praktisert fram til 2016.

Merete Hatlestad

Os Revmatikerlag

Karsten Berntsen

Leiar, LHL Os