Fylkesrådmannen vil leggja ned båtruta mellom Os og Tysnes
Skuleelevar kan verta råka av nedleggingsforslag.
- Som ledd i trongen for kostnadsreduserande tiltak ser fylkesrådmannen det naudsynt å redusera ruteproduksjonen for båt. Fylkesrådmannen foreslår å leggja ned sambandet Reksteren–Våge–Os, heiter det i budsjettforslaget for Hordaland fylkeskommune 2019 som vart lagt fram tysdag føremiddag.
Dette er ei rute som er lagt opp for arbeids- og skulereisande, og alternativ reiseveg vert med ferje og buss frå̊Halhjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det inneber at reisetida frå Våge til dei vidaregåande skulane på Os vil auka noko, vert det konstatert i budsjettforslaget.
Områda ferjeruter og båtruter har fått høvesvis ein reduksjon på 12,1 mill. kroner og ein auke på 1,1 mill. kroner i forslaget.
- Tilbodet på desse områda er samla sett haldne oppe uendra i 2019 samanlikna med 2018, men det har likevel vore naudsynta å gjera framlegg om nokre tiltak som reduserer tilbodet, heiter det.
For båtruter vert det foreslått tre tiltak; nedlegging av eitt samband og reduksjonar i to andre samband med halvårseffekt på 4,8 mill. kroner. Desse tiltaka utgjer ein samla reduksjon på 7,8 mill. kroner.
jostein@osogfusa.no