Vil samla 600 syngjande born
Vert det tidenes største barnekor i Os? Ung i Kor lanserer stort arrangement.
Rundt 100 personar samla seg i Grieg-samlinga laurdag for ein liten prøvesmak på kva eit barnekor kan servera av musikalsk vellyd. Dette var opptakten til lanseringa av neste års Festival for Barne- og Ungdomskor, Norbusang 2017.
Vil fylla gatene med song
- Det skjer noko stort til neste år. Den årlege nordiske barnekorfestivalen Norbusang finn til neste år stad her i Os, sa Åsne Kvamme i Ung i Kor Vest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arrangementet føregår over fem dagar - frå 24-28. mai, og vil samla born frå alle dei nordiske landa.
- Me skal laga ein stor konsert, og fylla både skular og uteplassar med born som syng, seier Kvamme.
Sommarsong-kurs
I år som i fjor arrangerer Ung i Kor også Sommarsong-kurs frå 6. klasse og oppover. Det finn stad i sommarferien ved Kongshaug musikkgymnas, og er ope både for enkeltpersonar og grupper.