Eikelandsosen som eit naturleg og livskraftig senter for denne delen av fylket
Eg vil åtvara mot ein politikk som går på at ein er mot alle endringar og at alt skal vera som det alltid har vore, skriv Magne Djuvik (Frp).
LESARBREV: Me veit at eit stort fleirtal på Stortinget har vedteke ei Kommunereform. Det betyr at alle kommunane i landet er pålagt å vurdera om ein skal slå seg saman med andre kommunar. Om Fusa vel å gjera det gjenstår å sjå.
Enten Fusa vel å stå åleine eller slår seg saman med andre er det svært viktig å styrkja Eikelandsosen som eit livskraftig og naturleg sentrum for denne delen av fylket. Dette vil nokon seia er fine ord som sikkert mange kan vera einig i.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spørsmålet vert kva vil me som kommune gjera for å få dette til? I Frp ser me for oss to tiltak som er svært viktige å få til no:
Fjordn senter
Me veit at Sambygg AS som eig Fjordn senter har søkt om å få byggja på senteret Det er ein søknad Frp støttar fullt ut. Dersom Frp får innverknad på politikken framover, vil partiet sikra at legekontoret vert flytta inn i nybygget på senteret. Då vil me og laga plass til fysioterapeut, ergoterpaeut, jordmor og helsesøster. Aktivitetssenter for funksjonshemma er òg eit viktig tiltak å få plass til. Eit større senter med fleire butikkar, breiare vareutval, legesenter, kafé og overnattingsmoglegheiter, vil styrkja senteret i Eikelandsosen.
Skuleområdet i Eikelandsosen
Fusa har ein ungdomsskule. Den var bygd på 60-talet. Me må vel kunna seia at bygget er godt brukt og har gjort jobben sin. Frp ønskjer å laga ein plan for skuleområdet i Eikelandsosen. Der skal det etter partiet sitt syn vera plass til ein ny ungdomsskule, ny og større barneskule, idrettshall,idrettsplass, symjebaseng og kulturhus med aktivitetar som kino og konsertar. I tillegg må det sjølvsagt planleggjast med parkeringsplassar i området.
Ved å gjera dette vil me på eitt og samme område samla aktivitetar som kan nyttast av born, unge, ja, folk i alle aldersgrupper både frå Fusa og områda kring. Eit slikt tiltak trur me vil styrkja Fusa-identiteten og utvikla Eikelandsosen som eit naturleg senter enten kommunen heiter Fusa eller noko anna.
Får Frp innverknad på politikken i neste periode vil partiet i samband med budsjettet finna midlar til å setta i gang planarbeid for dette området.
Levande bygder
For Frp er det viktig å sikra gode og livskraftige bygder rundt heile Fusa. Ved å byggja eit sterkt senter med gode offentlege og private tenester er me med på å styrkja grunnlaget for bygdene kring heile Fusa. Det er viktig at vegar og offentlege transportmiddel til og frå Eikelandsosen vert styrkja.
Eg vil åtvara mot ein politikk som går på at ein er mot alle endringar og at alt skal vera som det alltid har vore. Det vil føra Fusa kommune mot endå større økonomiske utfordringar. Det vil og føra til det motsette av levande bygder.
Magne Djuvik
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførarkandidat, Frp