Merkeskiftet fra Statoil til Circle K har pågått sidan våren i fjor. Nærare 300 stasjonar er til no blitt omprofilerte i 17 fylke, og no står altså Hordaland for tur.
Merkeskiftet fra Statoil til Circle K har pågått sidan våren i fjor. Nærare 300 stasjonar er til no blitt omprofilerte i 17 fylke, og no står altså Hordaland for tur.

Statoil-stasjonen er historie 1. mars

No kjem Circle K til Hordaland. Statoil-stasjonen på Os 'nyopnar' 1. mars.

Merkeskiftet fra Statoil til Circle K har pågått sidan våren i fjor. Nærare 300 stasjonar er til no blitt omprofilerte i 17 fylke, og no står altså Hordaland for tur.

Totalt skal 16 stasjoner omprofilerast her i fylket. For Os-stasjonen sin del vert det "nyopning" 1. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den kanadiske kjeda Couche-Tard kjøpte for tre år sidan aksjemajoriteten i Statoil Fuel & Retail, som er Statoils avdeling for bensinstasjonar. Sidan då har dei lånt Statoils namn og logo, men no kjem dei synlege forandringane. Dagleg leiar i Statoil Osøyro, Nils Øyvind Eidsvik, sa dette om ommerkinga då nyhendet kom i fjor vår:

- Det blir friske fargar i oransje og raudt. Eg trur ikkje namne- og fargeskiftet kjem til å vera negativt for oss, tvert i mot.