Foredraget ved Tryggve Fett vakte engasjement blant deltakarane, men alle var nøgde med at tida med dei skarpe motsetnadene mellom bergensarane og strilane rundt omkring er forbi.
Foredraget ved Tryggve Fett vakte engasjement blant deltakarane, men alle var nøgde med at tida med dei skarpe motsetnadene mellom bergensarane og strilane rundt omkring er forbi.

- Bergensarane oppfatta seg sjølv stort sett ikkje som norske . . .

Kvifor hadde Bergen eit heilt anna forhold til sine omgjevnader enn alle andre hamnebyane i Noreg? Forklaringa fekk me då Tryggve Fett heldt foredrag om «Bymann og Stril» i Fusa senioruniversitet.

Hadde me gått rundt i Bergens gater for nokre hundre år tilbake, hadde me oppdaga at 40 prosent av dei me møtte der var fødde utanfor landets grenser. I Tyskland, Skottland, Danmark, England, Nederland og så vidare. Dei som budde utanfor byen, "strilane", var nordmenn, vestlendingar, som levde av kva naturen gav. Det var ein enorm forskjell i bakgrunnen til dei to gruppene. Også kulturforskjellane var enorme, og i hundreår såg bergensarane ned på "strilane" jamvel om dei skaffa den maten bybefolkninga trong.

Mellomstasjon for tørrfisk

Desse motsetnadene mellom bymann og stril, som Tryggve Fett tok for seg i senioruniversitetet, var der allereie sidan byen vart gunnlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Bergen oppsto handel med tørrfisk som blei frakta frå Nord-Noreg til Sentral-Europa. For befolkninga i Europa som jamleg fasta og ikkje spiste kjøt, var denne fisken særs ettertrakta.

I det nordnorske klimaet kunne den tørkast utan salt, slik at den heldt den gode smaken i mange år, medan vekta gjekk ned til ein femte del.

For fiskarane var vegen for lang til sjølv å frakta tørrfisken til sine kundar i Europa. Bergen blei ein mellomstasjon. Heilt frå byrjinga av var byen "utadvendt", med forbindelsar over lange avstandar. Og dei som budde der, verdsette dei langvegsfarande mykje høgare enn dei som kom frå bygdene rett utanfor Bergen.

Fusingar var ikkje strilar

Dei andre norske byane ved sjøen begynte som samlingspunkt for mellomlagring av varer som kom frå bygdene omkring. Stort sett vinterstid kom folk frå dalane innover med sine varer på slede for å få dei lagra ved sjøen, slik at dei kunne seljast eller fraktast vidare sommarstid. Slik oppsto Oslo og mange andre byar langs Noregs kyst, heilt ulikt Bergen by.

Grensa mellom Bergen og strilalandet var i alle år sylskarp, ifølgje Fett. Byen var omgitt av strilar. Flytta bybefolkninga ut, flytta også grensa seg, og var framleis like skarp.

Men grensa mellom strilalandet og bygdene omkring var meir flytande. Mot nord var Fensfjorden ei grense, mot sør Bjørnafjorden og Selbjørnsfjorden, mens mot aust strekte strilalandet seg over ein del av Osterøy. Lenger aust var dei vossingar. Fusingar var ikkje strilar, Fusa høyrde med til Sunnhordland.

Fiskarbønder

Strilane var stort sett fiskarbønder, det vil seie mannen var fiskar og kvinna var bonde. Dei arbeidde alle i eit naturalhushald, der det gjaldt å få nok vinterforråd i hus. Mat, ved, byggjemateriale og garn til klede fekk dei frå naturen. Det var lite forskjell mellom dei, anna enn at somme, "slostrilane", kom til byen med båt, og "kjipestrilar" kom vandrande eller med kløvhest.

Møtet mellom bergensarane og strilar var alltid i byen. Bergensarane kom sjeldan på landet, medan strilane kom med sine varer til Bergen for å tena dei kontantane dei tross alt trong. Dei blei utsett for sterk trakassering, som heldt fram heilt til store forandringar tok til å viska ut grensa mellom byen og strilalandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har endra seg

Den skarpe motsetnaden blei gradvis oppløyst då industrialiseringa utanfor Bergen trekte mange strileungdomar til byen. Dampbåt og damptog sørga for ein revolusjon i transport av personar og varer mellom byen og omlandet.

- For fyrste gong, etter 12.000 år med bruk av robåt og vind, kunne ein føreseia ankomst ved reise, sa Fett.

Sjølv om ingen av fusingane i salen kalla seg sjølv strilar, kjende fleire igjen det som vart fortalt i si eiga familiehistorie. Foredraget ved Tryggve Fett vakte engasjement blant deltakarane, men alle var nøgde med at tida med dei skarpe motsetnadene mellom bergensarane og strilane er forbi.

Bjørghild des Bouvrie

Fusa senioruniverisitet