Bibliotekar ved Os vidaregåande skule, Elisabeth Irgens Casén Pihl, ønskte at elevane skulle få læra om ekstremisme, så ho inviterte forfattar av boka Ekstremisme, Kristian Bjørkelo, til skulen i dag.
Bibliotekar ved Os vidaregåande skule, Elisabeth Irgens Casén Pihl, ønskte at elevane skulle få læra om ekstremisme, så ho inviterte forfattar av boka Ekstremisme, Kristian Bjørkelo, til skulen i dag.

- Kva er eigentleg ekstremisme?

Bibliotekaren ved Os vidaregåande inviterte forfattar Kristian Bjørkelo, som er aktuell med boka Ekstremisme, for å opplysa elevane om temaet.

- Då me var ung, var det ikkje så mykje snakk om ekstremisme som det er no. Og kva er det eigentleg? Ein høyrer om ISIS, og liknande grupper, men ein får aldri ei skikkeleg god og lett forklaring på kven dei er, og kvifor dei gjer som dei gjer, seier bibliotekar Elisabeth Irgens Casén Pihl og legg til:

- Eg tenkte det er fint å hjelpa til. Kanskje bidra det til at elevane, som er omgjevne av eit nyhetsbilete kor ekstremisme ofte er omtala, lærer noko, og forstår kva det går i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bok for nybyrjarar

Difor har Elisabeth samla eit knippe utvalte elevar som skulle få ei innføring i tema som ekstremisme og terror av lysefjordingen Bjørkelo.

- I ei ideel verd skulle me fått plass til alle dei 480 elevane i kantina, men det går ikkje. To VG2-grupper og ei påbygg-gruppe vil vera tilstades under foredraget i dag, seier ho.

Bjørkelo starta det første av to foredrag klokka 10.00 i dag.

Lysefjording og forfattar Kristian Bjørkelo snakka til elevane om ekstremisme og terror.
Lysefjording og forfattar Kristian Bjørkelo snakka til elevane om ekstremisme og terror.

- De som er her slepp i alle fall undervisning. Det er jo eit pluss. Eg har laga denne boka fordi det manglar ei bok som er lettlesen. Ei bok for nybyrjarar på ein måte.

Bjørkelo fortalte elevane at det finst ulike grupper ekstremistar. Høgre- og venstreekstremisme og religiøs ekstremisme.

- Kva er eigentleg ekstremisme? Ekstremisme kjem frå det latinske uttrykket extremus. Det betyr det yttarste, eller fjernaste, og terrorisme er ekstremisme i handling.

Frykt satt i system

På 1800-talet blei terrorisme brukt til å plaga og terrorisera styresmaktene. I dag handlar det om å skapa mest mogleg frykt blant sivile.

- Terrorgruppene ønskjer at folk i gata skal vera mest mogleg redd. Dei ønskjer at det skal bli fleire politi synlege i gata, at de må ta av skoa i sikkerheitssjekken på flyplassen, og at de ikkje skal få ta med dykk ei brusflaske på flyet. Dei har som mål å visa at det var styresmaktene som var slemme heile vegen, ved å provosera fram innskrenking av fridomen til sivile. Kort fortalt er det frykt sett i system.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Os og Fusaposten kontakta bibliotekaren igjen, sat ho og høyrde på Bjørkelo for andre gong i dag.

- Trur du elevane har lært noko i dag?

- Eg opplever at det har sett i gang ein del tankeverksemd hos elevane kring temaet, men eg veit ikkje heilt om dei har teke innover seg det store og heile bilete enno. Inntrykket er uansett at dei synest det er interessant, og eg trur det er veldig positivt at Bjørkelo kom hit i dag, seier ho.