Ekstraordinært årsmøte i Bjørnafjorden KrF: Klart fleirtal for å samarbeida med Solberg-regjeringa
73 prosent av medlemene i Bjørnafjorden KrF ønskjer at partiet skal søkja å gå inn i ei Solberg-regjering.
Torsdag i førre veke var det ekstraordinært årsmøte i Bjørnafjorden KrF. Møtet vart halde i samband med partiets ekstraordinære landsmøte førstkomande fredag, og partileiar Knut Arild Hareides ønske om å samarbeida med Ap framfor den sitjande regjeringa.
Heile 41 medlemer møtte i kommunestyresalen i rådhuset på Os for å debattera og velja utsendingar til fylkesårsmøtet, som fann stad i Bergen to dagar seinare.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter ein lang debatt med stort engasjement og mange gode innlegg synte røystinga at eit klart fleirtal av medlemene, 73 prosent, ønskjer at KrF skal søkja å gå inn i Solberg-regjeringa for å få mest mogleg gjennomslag for KrF sin politikk, går det fram av eit innlegg på Bjørnafjorden KrF si Facebook-side.
Fredag finn det som etter alt å døma er det mest omtalte landsmøtet i KrF si historie stad. Då vert det klart om Hareide får gjennomslag for sitt syn, eller om fleirtalet av delegatane på møtet røystar mot sin eigen partileiar.
camilla.kvamme@osogfusa.no