God start, trass i ungt lag
Laurdag vann Os A-lag 2-0 over Tertnes. Kaptein Erik Kanestrøm er godt nøgd med treningskamp-starten.
- Me har spelt to kampar og har vore bra i begge to. Trass i at me har eit veldig ungt lag, har me hatt god balanse i laget og spelt fornuftig, meiner 23-åringen.
I dei siste års kapteiners fråvær er det Kanestrøm som til no har spelt med bindet på armen. Det er eit ansvar han kan lika.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg vert gjerne kaptein i år, men eg ser også svært gjerne at Torkel Hjertnes og Stian Lunde bestemmer seg for å vera med ein sesong til. Gode spelarar med rutine er alltid godt å ha med seg, seier Kanestrøm.
Arbeidsame gutar
Trass i sin unge alder er Erik no blant veteranane på Os. Det medførar ansvar uansett.
- Ja, 23 år og og veteran er jo litt spesielt, men slik vert det jo av og til når lag må gjennom generasjonsskifter, seier Kanestrøm.
Han meiner at laget på litt sikt kan bli veldig gode.
- Det er talentfulle og hardtsatsande unggutar som kjem opp. I tillegg meiner eg at dei tre amerikanarane me har på prøvespel bidreg svært godt. Dersom det løyser seg blir eg glad om dei vert Os-spelarar denne sesongen, seier Kanestrøm.
Han skåra sjølv 0-1-målet i treningskampen borte mot Tertnes på laurdag.
0-2 vart sett inn av Anders Havsgård.
Neste treningskamp for Os er laurdag 6. februar. Då møter dei Brann 2 borte.
Artikkelen held fram under annonsen.
1-3 tap for Nest-Sotra
Lysekloster A-lag spelte sin første treningskamp for sesongen på fredag. Mot fjorårets OBOS-lag, Nest-Sotra, vart det tap 1-3. Målskårar for dei kvit-blåe var Ståle Steen Sæthre.