Brannvesenet rykte i fjor ut til 3.138 brannar i private heimar i Noreg. Heile 1.344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren. (Illustrasjonsfoto frå brannøving)
Brannvesenet rykte i fjor ut til 3.138 brannar i private heimar i Noreg. Heile 1.344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren. (Illustrasjonsfoto frå brannøving)

Kan redda heimen din

Fersk statistikk frå DSB viser at det var 132 utrykkingar til komfyrbrannar i Hordaland i 2016. Ei enkel komfyrvakt kan løysa problemet og redda heimen din frå å gå opp i røyk.

- Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Enten om då det ringte på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Fråvær av merksemd berre ei lita stund er alt som skal til for at ein brann skal blussa opp og koma ut av kontroll, seier brannsjef i Fusa, Gunnar Hatlelid.

Råkar eldre

Brannvesenet rykte i fjor ut til 3.138 brannar i private heimar i Noreg, heile 1 344 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei fleste komfyrbrannar skjer på dagtid og råkar eldre menneske, men flest mistar livet i brannar om natta. Då er det ofte unge menneske i alkoholpåverka tilstand som blir råka. Rusa personar har svekka dømmekraft og merksemd, og kan fort sovna frå komfyren, seier Hatlelid.

Han opplyser at det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det blir lagt opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekke kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

- Hald oppsikt!

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installera.

- Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser han ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren beskjed til ein brytar om å kutta straumen til komfyren, forklarer brannsjefen før han kjem med følgjande tips:

- Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen om du blir avbroten i matlaginga, reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen. Ingen skadar seg av å venta litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier Hatlelid.

Nasjonal kampanje

Onsdag 8. februar vert det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd rundt komfyrbrannar. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og elektrisitetstilsyn ha lokale aktivitetar over heile landet.

Som del av kampanjen vil det bli installert ei komfyrvakt hos nokon som har behov for det i dei kommunane som deltek.

Os Brannvesen vil ha særleg fokus på den eldre generasjon, og har avtalt besøk på Os Eldresenter i neste månad som del av kampanjen. Det opplyser leiar for førebyggjande avdeling i Os, Anne Kjersti Storebø.