U-sving årsak til bilulukka
Bilulukka på Halhjemvegen laurdag skjedde etter at ein bilførar i ferjekøen mot Os tok ein u-sving.
Oppdatert:
Nokre av nyhende-meldingane som gjekk ut etter bilulukka som fann stad på Halhjemsvegen laurdag, kunne tyda på at bilulukka hadde skjedd ved det ulukkesbelasta Lepsøykrysset. Men politiet opplyser om at kollisjonen fann stad litt lenger mot Os, nærare bestemt ved trailerlomma.
Front-mot-front?
Det begynte med at det var stor kø i retning Os, blant anna pga. ferjetrafikk og rushet etter ein Osfest-konsert. Ein bilførar som kom frå retning Halhjem prøvde å snu og køyra tilbake då ulukka hende.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var ei front-mot-front-ulukke, men heldigvis vart ingen alvorleg skadde, seier Anne Lyssand ved Os lensmannskontor.
Førarkortet til mannen i bilen som gjorde u-svingen, vart førebels beslaglagt.
Ifølgje opplysningar frå personar som har vore i kontakt med lokalavisa, er det ikkje heilt klart at ulukka kan kallast front-mot-front. Dei seier at bilen som snudde nesten var inne i trailerlomma då bilen som kom (frå retning Bergen) trefte bilen på høgre side.
Lettare skadde
I bilen som kom mot sat det ein bilførar og fire born. Den andre bilen var det berre den unge bilføraren. Alle seks vart sende til Haukeland for kontroll.
- Dei vart utskrivne ganske kjapt, men det var ei jente som låg litt lenger til observasjon, seier Lyssand. Deretter vart også ho vart utskriven, og ingen fekk alvorlege skadar.