Circle K-stasjonen, som blei driven av familien Eidsvik, måtte rivast då kommunen skulle gjera plass til parkeringshus. No ser det ut til å bli overflateparkering på tomta i staden for.
Circle K-stasjonen, som blei driven av familien Eidsvik, måtte rivast då kommunen skulle gjera plass til parkeringshus. No ser det ut til å bli overflateparkering på tomta i staden for.

Byta ut ti arbeidsplassar med 50 parkeringsplassar

Familien Eidsvik og resten av dei tilsette stod utan jobb då Circle K blei riven i vår, fordi Os kommune skulle byggja parkeringshus. No ser det ikkje ut til å bli parkeringshus på tomta likevel, noko Siv Eidsvik ikkje er overraska over.

Det var eitprekært behov for parkeringsplassar som gjorde at Circle K-stasjonen måtte rivast. Os kommune uttalte at dei ønskte å koma i gang med bygginga av parkeringshuset 1. august i år.Familien Eidsvik tvilte sterkt på at det kom til å skje, og dei fekk rett. Dei ønskjer ikkje å seia så mykje om saka, men Siv Eidsvik fortel at ho ikkje er overraska.

– Eg er framleis skuffa, sint og lei meg over måten vi og våre tilsette har blitt behandla på i denne saka, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høve til å gå inn i fjellet seinare

Os & Fusaposten har snakka med Marie Bruarøy, som var ordførar då kommunen valte å gå for parkeringshus på Circle K-tomta i mars. Det var styringsgruppa for parkering og eit samla formannskap som kom fram til at denne tomta var det beste alternativet. Grunngjevinga var at det var eit behov for parkeringsplassar nære sentrum, at det var på denne tomta dei fekk flest parkeringsplassar, og at det var høve til å gå inn i fjellet på eit seinare tidspunkt. Det var også raskast å realisera eit parkeringshus her.

Set ein fot i bakken

Fredag var det møte i ny prosjektgruppe for sentrumsutvikling – Liv på Øyro. Ei av sakene som blei diskuterte i møtet var status for parkeringshus og parkeringssituasjonen i Os sentrum. Der vart det bestemt at ein skal skifta fokus og sjå nærare på parkeringshus på grusplassen i staden.

– Nærleik til bydraget og indre sentrumskjerne var eit av hovudargumenta for å få regulert Circle K-tomta til parkeringshus. Det er undervegs i reguleringa av tomta at ein har møtt på ulike problemstillingar som gjer reguleringa krevjande. Samstundes ser vi at overflateparkering her er gunstig for handelsnæringa, og kombinert med parkeringshus på grusplassen vil ein truleg oppnå totalt fleire p-plassar enn ved berre å byggja parkeringshus på Circle K-tomta. Grusplassen er ferdig regulert og difor set vi ein fot i bakken for å vurdera om denne løysinga kan realiserast raskare.

God næringspolitikk?

– Er det god næringspolitikk å skifta ut ti arbeidsplassar med parkering til 50 bilar?

– Den tomta vil på sikt bidra til næringsutvikling, så får vi sjå kva tid det eventuelt skjer. Det er heldigvis slik at det poppar opp nye verksemder i og kring sentrum. Behovet for parkeringsplassar er akutt og det må vi tilfredsstilla så raskt som mogleg. Vi ser no at eit parkeringshus på grusbanen raskare kan la seg realisera enn parkeringshus på Circle K-tomta, seier Bruarøy.

– Skrinlegg de planane om parkeringshus på Circle K-tomta?

– Om det let seg løysa på grusplassen, så ser det ikkje ut til at det blir parkeringshus der, nei. Det kan bli parkering i fjellet på eit seinare tidspunkt, men det er ein prosess vi ikkje har tid til å venta på no. Det som er raskast å realisera er avgjerande her. Det ser dessutan ut til å bli monaleg billegare på denne måten, og vi må tenkja kostnad opp i det heile.

Ikkje vondt overfor Circle K-kjeda

– Var det ei forhasta slutning ein kom til då ein valte å gå for Circle K-tomta?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, vi er avhengige av parkeringsplassar. Då vi kjøpte tomta for nokre år sidan var det for å nytta tomta til sentrumsføremål. Det er naudsynt med parkeringsplassar for å driva handelsverksemd. Vi hadde tidlegare tre bensinstasjonar i sentrum, og det ser ut til å gå heilt fint med berre to. Det som ein gjerne saknar etter at bensinstasjonen blei riven, er verkstad-biten. Eg har ikkje vondt overfor kjeda Circle K, og det er mogleg å fylla drivstoff på dei andre bensinstasjonane, seier Bruarøy.

Det som var vondt i denne situasjonen, var å fortelja familien Eidsvik at dei ikkje fekk driva vidare, fortel Bruarøy.

– I forhold til familien Eidsvik var ikkje dette ei kjekk sak. Eg hadde møte med dei og det var veldig vemodig å fortelja dei at dei ikkje får vera der meir. Vi var på tilbodssida for å hjelpa til med å finna eit nytt areal, men meg kjent så blei ikkje det nytta av kjeda.